Levi ben Gerson
(Omdirigert frå Leví ben Geresjón)
Levi ben Gerson eller Gershon, ofte òg kalla etter det latiniserte namnet Gersonides (1288–1344) var ein spansk-jødisk filosof og matematikar. Han var det meste av livet sitt busett i Avignon i Frankrike.
Levi ben Gerson | |||
| |||
Fødd | Levi ben Gershom 1288 Bagnols-sur-Cèze | ||
---|---|---|---|
Død | 20. april 1344 Perpignan, Avignon | ||
Nasjonalitet | Principality of Orange, Kongemakta Aragón | ||
Område | filosofi, matematikk, astronomi, fysikk, meteorologi | ||
Yrke | astronom, rabbinar, matematikar, filosof, astrolog, teolog |
I det filosofiske hovudverket sitt, Guds kamp, freistar han å sameine idear frå Det gamle testamentet med filosofien til Aristoteles. Han var ein av dei viktigaste matematikarane i mellomalderen og vert gjerne rekna som oppfinnaren av camera obscura og jakobsstaven, som er eit av dei tidlegaste navigasjonsinstrumenta. Han skreiv eit skrift om trigonometri, i tillegg til eit om numerisk rekning, der han mellom anna diskuterer permutasjonar og kombinasjonar.
Kjelder
endre- «Levi ben Gerson», Store norske leksikon, 12. januar 2012