Lev Lobodin
Lev Aleksejevitsj Lobodin (fødd 1. april 1969) er ein tidlegare mangekjempar frå Rossosj i Voronezj oblast som 1992-96 representerte Ukraina og sidan 1997 Russland. Han vann etter tur tre EM-bronsar i tikamp.
Lev Lobodin | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 1. april 1969 (55 år) Rossosj |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Aktiv
endreLobodin vart tredjemann i tikamp-tevlinga i europameisterskapane 1994, 1998 og 2002, altså tre gongar i rad. Han var ein utøvar som presterte jamt høgt i tikampar, 25 gongar sanka han over 8 000 poeng. Den personlege rekordnoteringa på 8 571 poeng kom ved EM 1998 i Budapest, der han var 16 poeng under sølvmedaljør Eduard Hämäläinen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1994 i Helsinki: Bronsemedalje – 8 201 poeng
- VM 1995 i Göteborg: Nr 7 – 8 196 peng
- OL 1996 i Atlanta: Braut
- VM 1997 i Aten: Braut
- EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 8 571 poeng
- VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 8 494 poeng
- OL 2000 i Sydney: Nr 13 – 8 071 poeng
- VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 8 352 poeng
- EM 2002 i München: Bronsemedalje – 8 390 poeng
- VM 2003 i Paris: Nr 6 – 8 198 poeng
- OL 2004 i Aten: Braut
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lew Alexejewitsch Lobodin» frå Wikipedia på tysk, den 23. september 2019.