Per Sandberg

norsk politikar

Per Sandberg (fødd 6. februar 1960 i Levanger) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet som har vore stortingsrepresentant og minister.

Per Sandberg

Per Sandberg
Foto: FrPMedia
Fødd6. februar 1960 (64 år)
Skogn, Levanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
EktefelleLine Miriam Haugan
SambuarBahareh Letnes
VervNorsk fiskeriminister 16. desember 2015–13. august 2018
FøregangarElisabeth Aspaker
EtterfylgjarHarald Tom Nesvik
Verv1. nestleiar i Framstegspartiet 6. mai 2006–13. august 2018
FøregangarSiv Jensen
VervStortingsrepresentant 1. oktober 2005–30. september 2017
Verv1. oktober 1997–30. september 2005
Alle verv

Sandberg var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 16. desember 2015[1] til 13. august 2018.[2][3] Han hadde også ansvaret for Justis- og beredskapsdepartementet frå 20. mars til 4. april 2018 etter at Sylvi Listhaug gjekk av.[4]

Han var stortingsrepresentant frå 1. oktober 1997 til 30. september 2017. I den første delen av denne perioden var han representant for Nord-Trøndelag, og frå 1. oktober 2005 for Sør-Trøndelag. Han var ikkje kandidat ved stortingsvalet 2017.[5]

Han er transport- og kommunikasjonspolitisk talsmann i FrP og vart den 6. mai 2006 vald til første nestformann i partiet, etter at Siv Jensen tok over som leiar. Sandberg gjekk av som nestleiar 13. august 2018.[6] Han var parlamentarisk nestleiar i partiet frå 1. oktober 2005 til 30. september 2017.

Bakgrunn endre

Sandberg er frå Levanger i Nord-Trøndelag, der han har sete fleire periodar som kommunestyrerepresentant. Sandberg har yrkesbakgrunn som prosessoperatør i Norske Skog, og er utdanna innan papirproduksjon og prosesstyring. Han har også vore i FN-teneste i Libanon.[7]

I perioden 1990-1992 var han formann i Levanger FrP, og i periodane 1987-1988 og 1991-1995 styremedlem i lokallaget. Han var organisatorisk nestformann i Nord-Trøndelag FrP frå 1992 til 1994, og fylkessekretær frå 1994 til 1995. I 2000 vart Sandberg fast medlem i Framtegpartiets landsstyre og sentralstyre.

Politisk arbeid endre

Samferdsle endre

Sandbergs politiske hovudfokus har vore samferdselspolitikk, og han lova under valkampen før han vart vald inn på Stortinget at hovudsaka hans vil vere «Samferdsel, Samferdsel og Samferdsel». Som samferdselspolitikar har Sandberg mellom anna føreslått å skilje ut løyve til hovudstadsområdet frå Nasjonal transportplan og heller løyve pengar til vegutbygging i Oslo og Akershus direkte over statsbudsjettet. Pengane til vegutbygginga vil han ta frå oljefondet, gjennom løysninga til FrP med eit eige utanlandsbudsjett der alt som ikkje påverkar den norske økonomien direkte blir sett inn. [8] Sandberg har også gått hardt ut mot bompengar, og er motstandar av å bruke bompengar for å finansiere infrastruktur.[9]

Som kommunalpolitisk talsmann i FrP gjekk Sandberg mellom anna inn for å reformere forvaltingsnivåa i Noreg. Han ville erstatte fylkeskommunen med fem til ni nye regionar, og sette mange statlege oppgåver ut til desse[10]. Han gjekk også inn for å kutte ned talet på kommunar, og føreslo mellom anna at ein burde redusere Nord-Trøndelag til sju kommunar.[11]

Kritikar av klimaforskinga endre

Sandberg har også engasjert seg i klimadebatten. Han meiner at FNs klimapanel har låg truverde, og at arbeidet deira er prega av ei rekkje feil.[12] Han er også svært kritisk til Al Gore og kallar han ein «bløffmakar», noko han grunngjev med å påstå at det er mange feil i An Inconvenient Truth.

Innvandringsmotstand endre

Sandberg er kritisk til ikkje-vestleg innvandring til Noreg, og vil ha full stopp i all innvandring frå «ikkje-vestlege» land.[13] Han ser på fundamentalistisk islam som eit hovudproblem, og har frykta at veksten i talet på muslimar i Noreg kan føre til sharialover.[14] Sandberg ønskjer også ein kraftig reduksjon i talet på asylsøkjarar til Noreg, og har mellom anna føreslått bruk av elektronisk ID-merke på asylsøkjarar i tillegg å opprette lukka asylmottak.[15] Sandberg har også uttalt at alle overfallsvaldtekter i åra 2006 til og med 2009 vart utøvde av ikkje-vestlege innvandrarar - Faktasjekk.no konkluderte at utsegna var feil. Påstanden viste seg likevel å vere korrekt for Oslo, der statistikken til politiet viste at alle 41 innmeldte overfallsvaldtekter i Oslo frå 2006 til 2009 var utøvde av ikkje-vestlege innvandrarar.[16][17]

Avgang endre

Den 13. august 2018 kl 15:00 gjekk Sandberg av som fiskeriminister.[18][19] Same dag, kl 13:19, trekte han seg som første nestformann i Framstegspartiet.[20] Harald Tom Nesvik blei ny fiskeriminister.[18]

Per Sandberg valde sjølv å gå av,[19] og blei gjeven avskjed i nåde. Bakgrunnen for avgangen var at han hadde brote sikkerhetsrutiner under ei vitjing av Iran sammen med den norsk-iranske kjæresten sin Bahareh Letnes i slutten av juli 2018. Iran er eit av tre «høgrisikoland» for Noreg, saman med Russland og Kina. Før denne reisa varsla han ikkje statsministeren om henne, noko han hadde plikt til å gjera. Han tok også med seg jobbtelefonen sin, i strid med instruksane.[21]

Stortingskomitear endre

Familie og privatliv endre

Han gifta seg med Line Miriam Sandberg i 2010.[22] I mai 2018 skreiv media at ekteparet hadde meldt separasjon.[22]

Han flytta frå Senja til Mandal i 2018.[22]

Kjelder endre

  1. Endringer i regjeringen, pressemelding, Statsministerens kontor, 16. desember 2015.
  2. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-13.-august-2018/id2608198/
  3. Andrea Rognstrand, Alf Bjarne Johnsen, Oda Leraan Skjetne, Bjørn Haugan, Lars Joakim Skarvøy, Eirik Mosveen og Espen Breivik (13. august 2018). «Per Sandberg trekker seg – Harald Tom Nesvik tar over». VG. Henta 13. august 2018. 
  4. kontor, Statsministerens (20. mars 2018). «Offisielt fra statsråd 20. mars 2018». Regjeringen.no (på norsk). Henta 20. mars 2018. 
  5. Granviken, Simen og Rise, Mari By (3. juni 2016). «Sandberg sier nei til gjenvalg til Stortinget». Adresseavisen. Henta 3. juni 2016. 
  6. «Per Sandberg også ferdig som Frp-nestleder». Dagbladet.no (på norsk). 13. august 2018. Henta 13. august 2018. 
  7. Stortingsbiografi
  8. «Portrettet: Per Sandberg, leder for samferdselskomiteen : Vei i vellinga!» i Transportforum nr. 1-2006 (.pdf Arkivert 2006-02-12 ved Wayback Machine.)
  9. «Hardkjør om bom». Haugesunds Avis. 28.04.2007. Henta 3. mars 2008. 
  10. «Frp åpner for nye regioner», Bergens Tidende 23.08.2004
  11. «Sandberg vil ha sju kommuner». Trønder-Avisa. 2. februar 2004. Henta 3. mars 2008. 
  12. «- Forskningen taper mot politisk ideologi». Adresseavisen. 20.02.2008. Henta 3. mars 2008. 
  13. «- Kun vestlige innvandrere». Dagbladet. 29.11.2002. Henta 3. mars 2008. 
  14. «Frp: – Uten oss får Norge sharialover». VG. 02.05.2006. Henta 3. mars 2008. 
  15. «Vil ID-merke asylsøkere». VG. 29.09.2003. Henta 3. mars 2008. 
  16. «- Innvandrere bak alle anmeldte overfallsvoldtekter i Oslo». VG Nett. 15.04.2009. Henta 9. august 2010. 
  17. «Alle overfallsvoldtekter de siste tre årene begås av ikke-vestlige innvandrere». Faktasjekk.no. 05.09.2009. Henta 5. september 2009. 
  18. 18,0 18,1 Offisielt fra statsråd 13. august 2018, regjeringen.no, 13. august 2018
  19. 19,0 19,1 Per Sandberg går av som statsråd og Frp-nestleder, nrk.no, 13. august 2018
  20. Sandberg-saken. Tidslinje, nrk.no, 13. august 2018
  21. NTB: PST: – Vi er ikke veldig bekymret for Sandbergs mobiltelefon, nrk.no, 15. august 2018
  22. 22,0 22,1 22,2 «SISTE: Per og Line Miriam Sandberg separeres». Nordlys. 18. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff endre