Levi ben Gerson
Levi ben Gerson eller Gershon, ofte òg kalla etter det latiniserte namnet Gersonides (1288–1344) var ein spansk-jødisk filosof og matematikar. Han var det meste av livet sitt busett i Avignon i Frankrike.
Levi ben Gerson | |
![]() | |
Fødd | Levi ben Gershom 1288 Bagnols-sur-Cèze |
---|---|
Død | 28. april 1344 Perpignan |
Nasjonalitet | Frankrike, Oksitania, Kongemakta Aragón |
Område | filosofi, matematikk, astronomi, fysikk, meteorologi |
Yrke | astronom, rabbinar, matematikar, filosof, astrolog, teolog |
I det filosofiske hovudverket sitt, Guds kamp, freistar han å sameine idear frå Det gamle testamentet med filosofien til Aristoteles. Han var ein av dei viktigaste matematikarane i mellomalderen og vert gjerne rekna som oppfinnaren av camera obscura og jakobsstaven, som er eit av dei tidlegaste navigasjonsinstrumenta. Han skreiv eit skrift om trigonometri, i tillegg til eit om numerisk rekning, der han mellom anna diskuterer permutasjonar og kombinasjonar.
KjelderEndra
- «Levi ben Gerson», Store norske leksikon, 12. januar 2012