Lewis Sound
Lewis Sound er eit sund frå nordvest til søraust mellom Lavoisier Island og Krogh Island i nordaust og Watkins Island i sørvest i Biscoe Islands. Det vart kartlagd frå flyfoto teken av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition (FIDASE), 1956-57. I samband med at stader i området hadde fått namn etter pionerar innan forsking på fysiologi i kalde klima, fekk sundet namnet Lewis Passage av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) (1960) etter sir Thomas Lewis (1882–1945), ein engelsk fysiolog som forska på korleis blodårene i huden reagerer på lufttemperaturen. Namnet vart sidan endra til Lewis Sound fordi sundet ikkje er trygt for alle skip, medan det engelske passage vanlegvis indikerer trygg passasje.
Lewis Sound | |||
sund | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 66°20′S 67°0′W / 66.333°S 67.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lewis Sound 66°20′00″S 67°00′00″W / 66.3333°S 67°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lewis Sound» (innhald frå Geographic Names Information System).