Lewisgun er eit amerikansk lett maskingevær.

Lewisgun vart oppfunne av den amerikanske obersten Isaac Newton Lewis i 1911, basert på eit designar av Samuel Maclean. Våpenet vart ikkje teke i bruk av den amerikanske hæren, men vart brukt i stort mengd av britiske og samveldetroppar under første verdskrigen.[1] I mellomkrigstida vart våpenet utfasa til fordel for Brengun, men likefullt vart det brukt under heile andre verdskrigen, blant anna på køyretøy, og erobra eksemplar vart brukt av Volkssturm heilt til slutten av krigen.[2] Under andre verdskrigen vart Lewisgun òg brukt på fiskebåtane til Shetlandsgjengen.[3]

Lett maskingevær endre

Den viktigaste eigenskapen som bidrog til gjera Lewis-maskingeværet populært var den låge vekta. I motsetnad til Vickers maskingevær var Lewis sin konstruksjon luftavkjølt, og vog med det berre 12 kilo. Den hadde òg eit flatt tallerkenmagasin i staden for ammunisjonsbelte, som bidrog til at det var mogleg å bringa med seg for ein enkelt mann under framrykking.[1] Sjølv om det først og fremst var tenkt brukt til framrykkande troppar, heldt den portugisiske soldaten Aníbal Milhais tilbake to tyske regiment med ein enkelt lewisgun under slaget ved Lys i 1918.[4]

Ein anna viktig årsak til populariteten var at det var raskare å produsera enn andre maskingevær på den tida. Det var noko dyrare enn ein Vickers, men det var stor etterspurnad etter det lette og lett-tente våpenet frå soldatane på slagmarka.[5]

Konstruksjon endre

 
Lewisgun utan kjølekappe for bruk i fly, modifisert til å ta tsjekkisk 7,92 mm ammunisjon.

Mekanisme endre

I motsetnad til andre samtidige maskingevær som brukte rekylmekanisme, hadde konstruksjon til Lewis gassmekanisme. Gass-stempelet låg under løpet og var tanna på undersida. Eit tannhjul dreiv stempelet og sluttstykket framover igjen etter kvart skot. Rekylfjøra var ikkje ei spiralfjør, men ei flat klokkefjør som låg i eit lite rom under sjølve glidekassen.[6] Etterkvart som løpet vart varmare, endra spenninga i fjøra seg.[7] Ein liten knast på utsida av fjørhuset tillét skyttaren å heile tida stramma inn eller slakka fjøra, og ei velstilt rekylfjør var avgjerande for at våpenet skulle fungera godt.[3]

Kjøling endre

Kjøling er eit vedvarande problem for maskingevær. For å gjera luftavkjølinga meir effektiv hadde løpet ein serie med kjøleribbar i aluminium rundt løp og gasstempelet. Desse var omgjeven av ei tynn kappe (òg i aluminium), omtrent som eit omnsrøyr. Når våpenet vart avfyrt, drog kruttgassane frå skotet med seg luft ut frå kappa føre, medan ny kald luft vart soge inn i kappa bak. Aluminium har mykje lågare varmekapasitet enn stål, slik at løpet vart kjølt ned fortare.[7]

På fly der det berre vart skutt korte byer vart òg kjølekappa og ribbane fjerna. Desse våpna fungerte òg heilt greitt på bakken, sjølv om dei vart noko raskare varme enn kjølekappe. I mellomkrigstida kom nye versjonar utan kjølekappen. Berre Royal Navy heldt på kjølekappene på sine gjennom heile andre verdskrigen.[7]

Historie endre

I opptakta til andre verdskrigen vart våpenet med klokkefjøra og tallerkemagasinet sitt sett på som forelda, men store mengder vart teke ut av reservane og etter at British Expeditionary Force måtte la nesten alle sina nyare Brenguns verta igjen ved Dunkerque under Operasjon Dynamo. Den siste versjonen kom med vanleg spiralfjør i kolben i staden for klokkefjøra, og med eit Brengun-typa bøygt boksmagasin i staden for tallerkenmagasin, men det nye våpenet hadde ingen fordeler i forhold til Brengun.[7]

Produksjonen vart stoppa i 1942, men våpenet vart likevel brukt gjennom resten av krigen og i mange år etterpå. Det forsvann frå førstelinjene i den britiske hæren under Koreakrigen, men vart brukt så seint som på 1990-talet av dei kroatiske styrkane under oppløysinga av Jugoslavia.[8]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Skennerton, I.D. (1988). British small arms of World War Two : the complete reference guide to weapons, maker's codes & 1936-1946 contracts. Margate, Q. s. 41. ISBN 0-949749-09-5. 
  2. Scarlata, P. (20. februar 2011). «Small arms of the Deutscher Volkssturm part II». Shotgun News. Henta 2. januar 2016. 
  3. 3,0 3,1 Major Antonsen, A., red. (2014). «Maskingeværer». Skytevåpen benyttet av Forsvaret etter 1859. Oslo: Forsvarmuseet. s. 351. ISBN 978-82-9121-8-63-2. 
  4. «Corpo Expedicionário Português - Aníbal Milhais». HäT industries. 2008. Henta 2. januar 2016. 
  5. Hogg, Ian V. (1978). The complete illustrated encyclopedia of the world's firearms (1. utg.). New York: A & W Publishers. s. 21. ISBN 978-0-89479-031-7. 
  6. Vbbsmyt (31. mai 2015). «Lewis Gun 1916 (animasjon som viser hvordan mekanismen fingerer)». YouTube. Henta 21. januar 2016. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Grant, N. (2014). The Lewis Gun. Oxford: Osprey Publishing Co. s. 21-29. ISBN 1782007911. 
  8. «The famous Lewis Machine Gun was used in all manner of ways throughout World War 1 and World War 2». Small Arms. The Military Factory.com. 17. august 2014. Henta 2. januar 2016.