Li Yanfeng

Li Yanfeng (fødd 15. mai 1979) er ein kinesisk diskoskastar frå Heilongjiang-provinsen. I 2011 vart ho verdsmeister i øvinga, som den aller fyrste frå Kina. Året etter fekk ho sølvmedaljen i diskoskasting under Sommar-OL 2012 i London, etter at den opphavlege sølvvinaren var diskvalifisert.

Li Yanfeng

Li Yanfeng Daegu 2011.jpg

Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 15. mai 1979
Qinggang
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Asialekene 2010

Li sette sin personlege rekord på 67,98 meter i juni 2011 i tyske Schönebeck. Seinare i sesongen oppnådde ho 66,52 m under VM i friidrett 2011 i Daegu i Sør-Korea, nok til å vinne gullmedaljen framom tyske Nadine Müller (65,97 m).

KjelderEndra

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.