Liesel Westermann

Lieselotte Westermann-Krieg, kjend som Liesel Westermann, (fødd 2. november 1944) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Sulingen i Niedersachsen som representerte Vest-Tyskland. Ho vann sølvmedaljen i diskoskasting både under EM 1966, OL 1968 og EM 1971. Westermann sette verdsrekord med 61,26 meter i 1967, ein rekord ho forbetra til 63,96 m i 1969. Sin endelege personlege rekord på 64,96 m oppnådde ho i 1972,

Liesel Westermann


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 2. november 1944 (79 år)
Sulingen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972, EM i friidrett 1966, EM i friidrett 1971, EM i friidrett 1974, Sommeruniversiaden 1967

Utmerkingar

Verdienstorden des Landes Nordrhein-Westfalen, Silbernes Lorbeerblatt, Hall of Fame des deutschen Sports

Aktiv endre

Westermann tok steget opp mot verdseliten i 1965-sesongen, då ho som lengst presterte 55,81 m ved eit stemne i Ludwigshafen. Året etter sette ho personleg rekord med 57,38 m ved europameisterskapen 1966 i Budapest, noko som gav henne sølvmedaljen i tevlinga. Den 5. november 1967 vart Westermann i Sao Paulo den fyrste kvinnelege utøvaren som kasta diskosen over 60 meter med eit kast på 61,26 m. OL-sesongen 1968 forbetra ho seg til 62,54 m i eit stemne i Werdohl i juli, tre månader seinare tok ho sølv under dei olympiske leikane i Mexico med eit bestekast på 57,76 m. Westermann avslo å delta i Friidretts-EM 1969 då den austtyske avhopparen Jürgen May vart nekta å ta del i meisterskapen. Få veker seinare, den 27. september 1969, forbetra ho verdsrekorden til 63,96 m i Hamburg. Ved europameisterskapen 1971 i Helsinki måtte ho ta til takk med sølvmedalje, klart slått av sovjetiske Faina Melnik som med eit kast på 64,22 meter også tok over som verdsrekordhaldar. Westermann gjorde sitt livs lengste diskoskast i Zürich den 12. august 1972, med 64,96 m melde ho seg inn i det øvste favorittsjiktet til sommarleikane i München tre veker seinare. I München fekk ho opp eit lengstekast på 62,18 m og vart nummer fem. Ho la opp etter 1975-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre