Life in the Fast Lane

Life in the Fast Lane
Singel av Eagles
frå albumet Hotel California
B-side

«The Last Resort»

Språk engelsk
Utgjeve 3. mai 1977
Innspelt 1976
Sjanger hardrock, funkrock
Lengd 4:46
Selskap Asylum
Komponist Joe Walsh, Glenn Frey, Don Henley
Tekstforfattar Joe Walsh, Glenn Frey, Don Henley
Låtskrivar(ar) Joe Walsh, Glenn Frey, Don Henley
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi 
«Hotel California»
(1976)
Life in the Fast Lane «Please Come Home for Christmas»
(1978)


«Life in the Fast Lane» er ein song skriven av Joe Walsh, Glenn Frey og Don Henley og spelt inn av det amerikanske rockebandet Eagles i 1976 på studioalbumet Hotel California. Det var den tredje singelen som kom frå dette albumet og denne nådde 11. plassen på Billboard Hot 100.

Innhald endre

Han fortel soga om eit par som har eit utsvevande liv på kanten. I eit intervju fortalte Glenn Frey at tittelen kom til han ein dag han køyrde på motorvegen med ein dopdealer som kalla seg «The Count». Frey bad dealeren om å køyre saktare og svaret hans var «What do you mean? It's life in the fast lane!» I det same intervjuet sa Frey at det sentrale riffet i songen vart spelt av Walsh medan bandet varma opp på øvingar og at Walsh vart beden om å «hald på det, det er ein song».

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Tittelen på songen var inspirasjon for «Life on the Fast Lane», ein episode i den første sesongen av animasjonsserien i The Simpsons.

Rascal Flatts og Carrie Underwood song songeni lag i 2007 under Grammyprisutdelinga det året.

Songen er nytta i filmen FM i 1978. I filmen Fast Times at Ridgemont High spelar eit band songen under eksamensfesten. Songen er mogeleg å laste ned i videospelet Guitar Hero World Tour.

Kjelder endre

  1. «Svensk mediedatabas». Henta 17. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff endre