Ligusterslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Ligustrum)
Ligusterslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Oliventrefamilien Oleaceae
Slekt: Ligusterslekta Ligustrum
L., 1753

Ligusterslekta (Ligustrum) er ei planteslekt i tribusen Oleeae i oliventrefamilien med om lag 40 artar av opprette, lauvfellande eller eviggrønne busker, nokre gongar dannar dei små eller mellomstore tre.[1] Dei er alle kjente under namnet liguster. Fleire av dei blir nytta som hagevekster og i nokre tilfelle som hekkplante.

Ligusterslekta er utbreidd i Nord-Afrika, Mellemausten, Kaukasus, Sibir, Aust-Asia, Indonesia og Europa med tyngdepunktet i Aust-Asia. Det er lauvfellande eller vintergrønne buskar med motsette, kortstilka og heilranda blad. Blomstrane er samla i endestilte eller akselstilte toppar. Dei einskilte blomstrane er 4-talige og regelmessige med samanvaksne kronrøyr og oftast kvite kronblad. Fruktene er svarte steinfrukter eller bær med eitt til tre frø.

Ligusterslekta står nært syrinslekta (Syringa), men har kjøttaktige bær og ikkje tørre kapslar som syrin-artane har. Desse to slektene utgjer same subtribus, Ligustrinae, i tribusen Oleeae.

Artar

endre

Integrated Taxonomic Information System lister elleve godtekne ("accepted") artar av Ligustrum.[2] I tillegg er andre artar lista i andre referansar.[3][4][5]

Artar utan norsk namn er ikkje kjende frå naturen i Noreg:[6][7]

Kjelder

endre
  1. Webb, C. J.; Sykes, W. R.; Garnock-Jones, P. J. 1988: Flora of New Zealand. Vol. IV. Naturalised Pteridophytes, Gymnosperms, Dicotyledons. 4. Christchurch, New Zealand, Botany Division, D.S.I.R.
  2. «ITIS Standard Report Page - Ligustrum», Integrated Taxonomic Information System, henta 20. juni 2011 
  3. Flora of China: Ligustrum
  4. Flora of Taiwan: Ligustrum Arkivert 2009-04-22 ved Wayback Machine.
  5. Flora Europaea: Ligustrum
  6. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 930–931. 
  7. «Artsdatabanken: Namnetre ligusterslekta». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2023. 
  8. 8,0 8,1 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 3. mars 2023. 
  9. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ligustrum