Oliventrefamilien

Oliventrefamilien
Ekte oliventre (Olea europaea subsp. europaea)
Ekte oliventre (Olea europaea subsp. europaea)
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Oliventrefamilien Oleaceae
Hoffmanns. & Link, 1809

Oliventrefamilien (Oleaceae) eller oljetrefamilien er ein plantefamilie med 24 slekter fordelt på 5 tribusar som inneheld om lag 600 artar. Desse er buskar eller tre som er kjenneteikna ved at dei inneheld myricetin og mannitol.

Mange av artane er økonomisk viktige. Oliventreet (Olea europaea) er viktig på grunn av frukta oliven og av olivenolja som blir utvunnen frå frukta. Dei ulike artane av aske-tree (Fraxinus) er verdsett på grunn av den harde veden. Gullbusk-, syrin-, jasmin-, liguster-, Chionanthus- og Osmanthus-slektene er viktige som prydplantar i hagar og til landskapsutforming.

Jasminum multiflorum

Slekter endre

Om ikkje anna er nemnt, er slekter med norsk namn registrerte i Noreg.[1][2]

Kjelder endre

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 930–933, 1167. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre oljetrefamilien». Artsdatabanken. 2. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre