Lilian Thuram
Ruddy Lilian Thuram-Ulien (fødd 1. januar 1972) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Pointe-à-Pitre på Guadeloupe, som vart verdsmeister i 1998 og europameister i 2000 med Frankrike. Med sine 142 landskampar er han den spelaren med flest opptredenar i den franske landslagstrøya.
Lilian Thuram i 2013 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Ruddy Lilian Thuram-Ulien | ||
Fødselsdato | 1. januar 1972 (52 år) | ||
Fødestad | Pointe-à-Pitre på Guadeloupe | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1991-1996 | Monaco | 155 | (8) |
1996-2001 | Parma | 163 | (1) |
2001-2006 | Juventus | 144 | (1) |
2006-2008 | Barcelona | 41 | (0) |
Totalt | 503 | (10) | |
Landslag | |||
1994-2008 | Frankrike | 142 | (2) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreThuram spelte for Monaco FC frå 1991 til han sommaren 1996 vart overført til Parma FC. I 1999 var han med på å vinne både UEFA-cupen og den italienske cupfinalen.
Etter fem sesongar i Parma gjekk turen vidare til Juventus sommaren 2001. Her fekk han med seg to seriegull, 2002 og 2003, og ein tapt UEFA-cupfinale mot AC Milan i 2003. Thuram avslutta med to sesongar, 2006-08, i FC Barcelona.
Landslagsspel
endreThuram debuterte for Frankrike i 1994. Under VM i fotball 1998 skåra han begge måla då Frankrike snudde semfinalekampen mot Kroatia og vann 2-1, faktisk var desse to måla dei einaste han skåra på landslaget. Både i VM-finalen 1998 og EM-finalen 2000 var Thuram ein viktig offensiv spelar frå sin venstreback-posisjon. Kring 2002-03 vart han flytta inn i midtforsvaret både på klubb- og landslag. Han vann VM-sølv med Frankrike i 2006, der Italia vart for sterke og vann finalen med 2-1. Thuram spelte sin 142. og siste landskamp under EM i fotball 2008.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lilian Thuram» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2015.