Lindås
(Omdirigert frå Lindås i Lindås)
Lindås er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Den var tidlegare administstrasjonssenter i Lindås kommune i Hordaland fylke. Staden har 1 399 innbyggjarar per 1. januar 2023. Langkyrkja i tre frå 1865, tidlegare katolsk steinkyrkje i nærleiken. Den no nedlagde sjukeheimen på Lindås, frå 1920-talet, var opphavleg eit sanatorium for tuberkulosepasientar, fram til midten av 1940-talet.
Lindås | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Areal | 1,07 km² | ||
Folketal | 1 399 (2023) | ||
Folketettleik | 1 307 / km² | ||
Postnummer | 5955 | ||
Preposisjon | på Lindås | ||
Lindås 60°44′10″N 5°09′39″E / 60.7361°N 5.16083°E | |||
Wikimedia Commons: Lindås, Alver |
Den lokale lyrikaren Aslaug Låstad Lygre var frå denne bygda. Bygda har no bensinstasjon, idrettshall, grunnskule, bakeri, barnehage, kyrkje, hotell og kjøpesenter.
Sjå òg
endre- Lindås kyrkje
- Lindåsslusene
- DS «Lindaas»Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.