Linda Haglund (15. juni 195621. november 2015) var ein svensk friidrettsutøvar frå Stockholm som vann sølvmedaljen på 100 meter i europameisterskapen 1978. Hennar svenske rekord på 11,16 sekundar frå 1980 gjeld også i 2019.

Linda Haglund


Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. juni 1956
Enskede-Årsta-Vantör
Død

21. november 2015 (59 år)
Stockholm

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Aktiv endre

Haglund var Sveriges beste sprintar på kvinnesida i tida 1974-81. I denne perioden vann ho sju SM-gull på 100 meter og fem på 200 meter. Allereie 16 år gammal deltok ho i olympiske sommarleikar. Både i EM 1974 og OL 1976 tok ho seg til semifinalane på 100 m, men rauk ut etter løp på høvesvis 11,72 og 11,41 sekundar.

Under europameisterskapen 1978 i Praha sprang Haglund inn til sølv på 100 meter, to og fire hundredels sekund føre nummer tre og nummer fire i løpet, vinnaren Marlies Göhr var i ei heilt eiga klasse. To dagar seinare vart Haglund nummer sju i finalen på 200 meter. Den 1. juli 1979 forbetra ho den svenske rekorden på 200 meter til 22,82 sekundar under eit stemne i Sittard i Nederland.

Ved dei olympiske leikane i Moskva i juli 1980 forbetra Haglund sin to år gamle nordiske rekord på 100 meter med to hundredels sekund i finalen. Tida 11,16 sekundar heldt likevel ikkje til medalje, bronsemedaljen gjekk til austtyske Ingrid Auerswald på 11,14.

Doping endre

Sommaren 1981 testa Haglund under den svenske friidrettsmeisterskapen positivt på bruk av anabole steroidar. Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) stengde henne ute frå idretten i 18 månader. Ho makta ikkje å kome tilbake til tidlegare sprintnivå og la opp i 1984.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 1972 i München: Utslått i forsøka på 100 m (11,97 =nr 35)
  • EM 1974 i Roma: Utslått i semifinalane på 100 m (11,72 =nr 14)
  • OL 1976 i Montreal: Utslått i semifinalane på 100 m (11,41 =nr 14)
  • EM 1978 i Praha: Sølvmedalje på 100 m – 11,29. Nr 7 på 200 m – 23,07
  • OL 1980 i Moskva: Nr 4 på 100 – 11,14. Utslått i semifinalane på 200 m (23,11 =nr 12)

Kjelder endre