Linn Kristin Engø

norsk politiker

Linn Kristin Langley-Rasmussen Engø (fødd 20. september 1993 i Bergen) er ein norsk politikar for Ap som er fungerande ordførar i Bergen.[1][2]

Linn Kristin Engø

Fødd20. september 1993 (30 år)
Flaktveit
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
InstitusjonarBergen kommune
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
MedlemArbeidarane si ungdomsfylking
Alle verv
  • ordførar i Bergen (2022–2023) Sjå dette på Wikidata

Frå 25. april 2019 til 27. januar 2020 var ho byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen kommune.[3] Ho vart vald som varaordførar i Bergen kommune 22. september 2021.[4]

Bakgrunn endre

Engø vaks opp på Flaktveit i Åsane bydel.[5]

Engø var elev ved Bergen katedralskole frå 2009 til 2012.[5] Ho har ein bachelorgrad i historie med fordjuping i midtaustenhistorie frå Universitetet i Bergen, og ein påbegynt mastergrad i demokratibygging ved same universitet.[6]

Engø har arbeidserfaring som pleieassistent ved sjukeheim, butikkmedarbeidar og frilansjournalist.[6]

Politisk karriere endre

Engø melde seg inn i AUF i ung alder. Som 17-åring måtte ho steppa inn som fungerande fylkesleiar for AUF i Hordaland etter at Tore Eikeland vart drepen på Utøya i terroråtaket 22. juli 2011.[7]

Ved kommunestyrevalet i 2011 vart Engø vald inn som varamedlem i Bergen bystyre, og ved vala i 2015 og 2019 vart ho vald inn som fast bystyrerepresentant.[8][9][10]

Engø jobba som politisk rådgjevar for byrådet Schjelderup under heile funksjonstida til byrådet (22. oktober 2015–25. april 2019); fyrst som politisk rådgjevar for skolebyråd Pål Hafstad Thorsen, og deretter for byrådsleiar Harald Schjelderup.[6]

Då Schjelderup tredde til side og Roger Valhammer danna nytt byråd 25. april 2019, vart Engø utnemnd som byråd for barnehage, skule og idrett.[3]

Engø gjekk av som byråd den 27. januar 2020 sidan partia SV, FNB, Høgre og Frp hadde meldt mistillit grunna Vigilo-saka. Saka handlar om ein skoleapp, som hadde fleire alvorlege tryggleikshol.[11] I juli 2020 fekk ho jobb i næringslivet [12]

I september 2021 vart Engø vald som varaordførar i Bergen kommune og gruppeleiar for Arbeidarpartiet.[13]

Kjelder endre

  1. «Bergen kommune - Ordfører Linn Kristin Engø», Bergen kommune (på norsk), henta 24. november 2022 
  2. «Bergen kommune - Fungerende ordfører Linn Kristin Engø». Bergen kommune (på norsk). Henta 20. november 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Nytt byråd på plass». Bergen kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 9. mai 2019. Henta 9. mai 2019. 
  4. https://www.nrk.no/vestland/ny-ordforer-i-bergen--1.15662522
  5. 5,0 5,1 «(+) Linn Kristin Engø (25) er ny skolebyråd. Selv strøk hun i teoretisk matte på Katten.». www.ba.no (på norsk). 27. april 2019. Henta 9. mai 2019. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Bergen kommune. «Curriculum vitae – Linn Kristin Langley-Rasmussen Engø» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 9. mai 2019. Henta 9. mai 2019. 
  7. Askvik, Kristine (12. august 2011). «Hun skal føre Hordaland AUF videre». NRK (på norsk bokmål). Henta 9. mai 2019. 
  8. «Valgresultat for kommunestyrevalget 2011». Bergen kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 9. mai 2019. Henta 9. mai 2019. 
  9. «Bystyret 2015-2019». Bergen kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 9. mai 2019. Henta 9. mai 2019. 
  10. «Slik blir det nye bystyret». Bergen kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 13. januar 2020. Henta 13. januar 2020. 
  11. AS, TV 2. «Byråd i Bergen går av etter skoleapp- skandale». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 27. januar 2020. 
  12. «Politikken direkte», www.bt.no (på norsk bokmål), henta 24. november 2022 
  13. «Rune Bakervik blir ny ordfører i Bergen». www.bt.no (på norsk bokmål). 23. april 2021. Henta 15. mars 2022. «Han får med seg Linn Engø som ny varaordfører i Bergen om bystyregruppen til Ap får det som de vil.» 

Bakgrunnsstoff endre