Linnea
Linnea
Linnea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Dipsacales
Familie: Linnaeaceae
Slekt: Linnaea
Art: Linnea L. borealis
Vitskapleg namn
Linnaea borealis

Linnea (Linnaea borealis) er ein krypande halvbusk med meterlange, knapt 1 mm tjukke, skot. Blada er rundaktige, bukttagga og står grøne om vinteren. Blomstrane står oftast parvis med traktforma, gulraud eller kvit krone, dei utskil rikeleg med honning og har ein karakteristisk, behageleg duft. Etter bestøving og utviklar dei ei nøttefrukt.

Livsform endre

 
Frå Nordens Flora (Prosjekt Runeberg)

Linnea veks på lyngmark i skogen. Stenglane kryp i mosedekket i skogbotnen, oftast i barskog. Stenglane er forveda, delar seg og skyt nye korte og lange skot. Blomstrane sit på korte skot med nokre få bladpar, andre kortskot er sterile men har fleire blad, til beste for assimilasjonen. Langskota gjer at planten spreier seg ut over skogbotnen. Elles formeirar linnea seg med frø. Frøet sit i ei nøttefrukt. Frukta som sit i eit hårete, klebrig beger som kan festa seg til dyrepels eller fuglefjør og slik verte spreidd over store avstandar.

Utbreiing endre

Linnea har ei sirkumboreal utbreiing i Europa sør til Alpane, i Asia sør til nordlege delen av Japan, og i Nord-Amerika sør til Nord-California og Arizona i vest, og Tennessee i Appalachane i aust.

Linnea er delt inn i tre underartar:

  • Linnaéa boreális subsp. boreális - Europa
  • Linnaéa boreális subsp. americana - Nord-Amerika
  • Linnaéa boreális subsp. longiflora - Asia

Folkeleg bruk endre

Folkelege namn på Linnea er nåreldgras, voneldgras, frismegras og turrverksgras. Mange av namna sikter til medisinsk bruk av planten. Linnea er bruka som te og omslag mot gikt (tørrverk), og som te, omslag eller røyking mot helveteseld. Ved røyking må ein hakke opp linnea, og dampe han i ein tørr kaffikjele. Damprøyken vert leia mot dei partia av som er plaga med helveteseld ved hjelp av ein gummislange.

Namnet endre

 
Linnea er oppkalla etter Carl von Linné. Portrett av Alexander Roslin.

Namnet «linnea» er særmerkt ved at det er ein av få villplantar som er alminneleg kjend med eit namn som er avleia direkte frå det latinske namnet. Linnea skal ha vore yndlingsblomsteren til Carl von Linné, og er derfor oppkalla etter han. Han hadde blomsteren i signetseglet og våpenskjoldet sitt. Han skal ha kalla planten «Linnæa» i eit ungdomsskrift, men i manuskriptet til Systema Naturae brukte han namnet «Rudbeckia». Den nederlandske botanikaren Gronovius gav i 1737 namnet «Linnæa» åt slekta, og Linné sjølv la til artsnamnet «borealis», 'den nordlege'.

Namnet Linnea er avleidd av blomenamnet att.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Linnea