Liv Holtskog
Liv Holtskog (4. august 1934–21. juli 2014) var ein norsk diktar. Ho debuterte i 1966 med diktsamlinga Kanskje ein –, og har sidan skrive 16 diktsamlingar til.[2]
Liv Holtskog | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. august 1934 [1] Sauherad |
Død | |
Yrke | Bonde, diktar |
Påverka av | Pär Lagerkvist, russisk litteratur |
Periode | 1966- |
Debut | Kanskje ein – |
Holtskog var frå Gvarv og dreiv slektsgarden der saman med mannen sin.[3] Ho hadde ikkje høgare utdanning, men tok ymse kurs, gjennomførte studiereiser og dreiv sjølvstudium i litteratur.[4]
Liv Holtskog vart gravlagt på Nes kyrkjegard på det som ville ha vore 80-årsdagen hennar, 4. august 2014.[5]
Diktsamlingar
endre- 1966 – Kanskje ein –
- 1969 – Dagane millom
- 1971 – Skurdesong
- 1974 – Det lova landet
- 1976 – Før vatn flør
- 1979 – Så kort ein sommar menneska har
- 1981 – Menneskebildet
- 1983 – Glasberget
- 1984 – Det roper frå båe bredder
- 1986 – Enno eig me lengsle
- 1987 – Synsk jord
- 1988 – Tvillingsjelers ferd
- 1990 – Månen veit ikkje at han lyser
- 1992 – Ferda frå Theben
- 1994 – Gje meg ikkje noko som liknar
- 1996 – Ein diktars heimland – dikt i utval
- 1999 – Held på å lære dei dødes språk
- 2007 – I eitt med vinden og vatnet
Referansar
endre- ↑ ««Liv Holtskog»». forfatterkatalogen.no. Henta 31. mars 2012.
- ↑ ««Holtskog, Liv»». Nettstaden til Aschehoug & co. Henta 31. mars 2012.
- ↑ Johanne Landsverk (5. desember 1996). ««Liv Holtskog : Eit kall til å skrive»». Dag og Tid. Henta 31. mars 2012.
- ↑ ««Liv Holtskog»». dagbladet.no. Henta 31. mars 2012.
- ↑ ««Menighetsbladet "Helsing til Sauherad og Nes", nr. 6/2014»» (PDF). Sauherad og Nes sokneråd. Henta 30. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Intervju med Liv Holtskog i Varden, 4. august 2004[daud lenkje]
- Intervju med Liv Holtskog i Telen, 29. september 2007
- Intervju med Liv Holtskog i Dag og Tid, 5. desember 1996 Arkivert 2012-12-18 ved Wayback Machine.
- Digitaliserte bøker av Liv Holtskog hjå Nasjonalbiblioteket
- Hans H. Skei (1996). «Liv Holtskogs lyriske heimland». I Iver Havnevik. Ein diktars heimland : dikt i utval. Oslo: Aschehoug. s. 196. ISBN 8203177123.