Liv Inger Somby
Liv Inger Somby (fødd 25. mars 1962) er ein samisk høgskolelektor, forfattar og tidlegare journalist.[1] Ho er lektor ved journalistutdanninga på Samisk høgskole, der ho underviser i urfolksjournalistikk. I 2023 blei ho vald til rektor for Samisk høgskole for ein fireårsperiode.[2]
Liv Inger Somby | |||
| |||
Fødd | Liv Inger Somby 25. mars 1962 Karigasniemi | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg, Finland | ||
Yrke | forfattar, universitetslærar, journalist | ||
Institusjonar | Norsk rikskringkasting Sveriges Television Samisk høgskole Gáldu Kompetansesenter for Urfolks Likskap NRK Sápmi | ||
Alma mater | Samisk høgskole Høgskolen i Finnmark Norsk journalisthøgskole Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Medlem | Sanning- og forsoningskommisjonen (Norge) |
Tidleg i 1990-åra byrja Somby å samla inn historier frå eldre samiske kvinner der dei fortalde om erfaringane sine frå tida under fornorskingspolitikken.[3] Ho offentleggjorde historiene og presenterte prosjektet sitt for andre urfolkskvinner på SN sin kvinnekonferanse (CSW) i New York i 2018.[3]
Somby er medlem av Sannhets- og forsoningskommisjonen som skal granska fornorskingspolitikk og urett begått i høve til samar, kvenar og norskfinnar.[4] Ho har også medverka i TV-serien Reinlykke (2008) og TV-dokumentaren Gollegiisá (2013), begge deler på NRK.[5]
Kjelder
endre- ↑ «"Det krävdes ett hav av tid för att bli accepterad"». www.samer.se. 13. oktober 2017. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Liv Inger Somby valgt som ny rektor | Samisk Høgskole», samas.no (på norsk bokmål), 17. april 2023, henta 9. august 2024
- ↑ 3,0 3,1 NRK (30. mars 2018). «Samekvinners historier holdt hemmelig i 20 år. Nå kommer de fram i lyset.». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. juli 2019.
- ↑ «Sannhets- og forsoningskommisjonen». Stortinget (på norsk). 13. juni 2018. Henta 18. juli 2019.
- ↑ «Liv Inger Somby». IMDb. Henta 18. juli 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Liv Inger Somby» frå Wikipedia på bokmål, den 9. september 2019.
Åtvaring: Standardsorteringa «Somby, Liv» tar over for den tidlegare sorteringa «Somby, Liv Inger».