Live in London av The Beach Boys
Live in London Konsertalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | mai 1970 | |
Innspelt | 8. desember 1968 i Finsbury Park Astoria, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 34:03 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Beach Boys-kronologi | ||
20/20 (1969) |
Live in London | Sunflower (1970)
|
Live in London (Beach Boys '69 i Nord-Amerika) er eit konsertalbum av The Beach Boys, opphavleg gjeve ut av EMI i Storbritannia i mai 1970 og i USA via Capitol Records den 15. november 1976.
Bakgrunn
endre1968 var eit vanskeleg år for The Beach Boys i heimlandet der det hadde gått kraftig nedover med karrieren deira. I Europa hadde dei framleis eit sterkt fotfeste, noko dette konsertalbumet syner. Konserten vart halde medan dei heldt på med innspelinga av 20/20. Etter at samlealbuma Endless Summer og Spirit of America overraskande gjorde det bra i 1974 og 1975, vart the Beach Boys igjen populær i heimlandet, særleg på konsertane deira. Det var på denne tida Capitol valde å slå til å smi medan jarnet var varmt. Dei gav ut albumet under eit nytt namn, Beach Boys '69, trass i at albumet faktisk var spelt inn i desember 1968. The Beach Boys sitt eige selskap hadde nettopp gjeve ut det doble konsertalbumet The Beach Boys in Concert, men Beach Boys '69 klarte likevel å oppnå suksess og nådde 75. plass hausten 1976. Den britiske utgåva nådde ikkje albumlista i Storbritannia.
Ein trur at The Beach Boys skulda Capitol eit album til før kontrakten deira var over, så dei gav ut dette konsertalbumet for å ende kontrakten. Albumet kom ut på CD i 1990 (og igjen i 2001) i lag med konsertalbumet frå 1964, Beach Boys Concert.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Darlin'» | 2:41 |
2. | «Wouldn't It Be Nice» (Brian Wilson/Tony Asher/Love) | 1:53 |
3. | «Sloop John B» (Trad./Arr. Brian Wilson) | 2:30 |
4. | «California Girls» | 2:19 |
5. | «Do It Again» | 2:47 |
6. | «Wake The World» (Brian Wilson/Al Jardine) | 2:26 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Aren't You Glad» | 3:09 |
8. | «Bluebirds over the Mountain» (Ersel Hickey) | 2:53 |
9. | «Their Hearts Were Full Of Spring» (Bobby Troup) | 2:49 |
10. | «Good Vibrations» | 4:36 |
11. | «God Only Knows» (Brian Wilson/Asher) | 3:27 |
12. | «Barbara Ann» (Fred Fassert) | 2:32 |
Kjelder
endre- ↑ Ruhlmann, William. «Review: Live in London». Macrovision Corporation. Henta 4 September 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Live in London (The Beach Boys album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Surf's Up: The Beach Boys On Record Brad Elliott c. 1981
- Beach Boys Concert/Live in London CD-hefte, David Leaf, c. 1990.
- Allmusic