Opna hovudmenyen

Ljubov Sergejevna Popova[1] (6. mai 188925. mai 1924), var ein russisk kunstmålar. Ho høyrde til mellom dei russiske avantgardistane. Stilartane kubofuturisme og konstruktivisme gjennomsyrar hovudverka hennar.

Ljubov Popova
Popova.jpg
Fødd 24. april 1889 (juliansk)
Mozjajsk
Død

25. mai 1924
Moskva

Yrke kunstmålar, universitetslærar, grafikar
Luft. Menneske. Rom 1912
Utan tittel ca 1921-22

Liv og gjerningEndra

Popova vart fødd i landsbyen Ivanskoje ved Moskva. Etter å ha studert ulike typar kunst i fleire år, slutta ho seg i Moskva til Vladimir Tatlin og arbeidde saman med han. Hennar verk frå denne tida er prega av kubofuturisme. Saman med Nadesjda Udaltsova la ho i året 1912 ut på ei studiereise til Paris. I Paris arbeidde ho vidare saman med Henri Le Fauconnier, Jean Metzinger og André Segonzac på 'Académie la Palette' i bydelen Montparnasse. 1913 vende Popova heim til Russland, før ho i 1914 reiste til Frankrike og Italia, der ho kom i nærare kontakt med futurismen.

Popova var medlem av gruppa Karo-Bube (Бубновый валет) som stilte ut verk i 1914 i Moskva. Ho deltok også i utstillinga 0,10 i Petrograd to år seinare. Denne siste utstillinga markerte gjennombrotet for non-figurativ kunst i Russland. Popovas verk frå denne tida er inspirert av suprematismen.

Frå 1918 arbeidde Popova som kunstprofessor. Ho tok i 1921 del i ei utstilling av konstruktivist-arbeid. Same året fjerna ho seg frå målarkunsten, arbeidde i staden med bok-, porselen- og tekstildesign og ymse anna.

Popova døydde i 1924 i Moskva av skarlaksfeber, 35 år gammal. Ei minneutstilling med hennar arbeid vart oppsett i desember same året.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Ljubov Popova

FotnotarEndra

  1. kyrillisk Любовь Сергеевна Попова