Ljudmila Ivanovna Galkina (fødd 20. januar 1972) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Saratov som i 1997 vart verdsmeister i lengdehopp under VM i Aten, etter å ha utført sitt livs lengste godkjende hopp på 7,05 meter.

Ljudmila Galkina
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 20. januar 1972 (52 år)
Saratov
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Galkina vart med sine 6,74 m nummer fem i verdsmeisterskapen 1993, to centimeter bak den danske bronsemedaljøren Renata Nielsen. Våren 1995 vann Galkina lengdetevlinga då innandørs-VM fann stad Barcelona, vinnarhoppet på 6,95 m var hennar lengste hopp til dess.

Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten låg Galkina etter tre finaleomgangar på tredjeplass med eit bestehopp på 6,89 m, greske Niki Xanthou leia med 6,93 m framfor Italias Fiona May med 6,91 m. I den fjerde omgangen gjorde Galkina sitt livs lengste hopp i godkjend vind, 7,05 mete, noko som gav henne gullmedaljen framfor Xanathou, som i same omgangen auka til 6,94 m.

I 1998 landa Galkina på 7,06 m i lengdetevlinga ved EM i Budapest, i litt for sterk medvind til at det kunne godkjennast som personbeste. Prestasjonen førte likevel til at ho vann bronsen i meisterskapen, gullet tok tyske Heike Drechsler og sølvet Fiona May. Året etter enda Galkina på fjerdeplassen under Friidretts-VM i Sevilla, 6,82 meter var ein centimeter for kort samanlikna med bestehoppet til bronsevinnar Marion Jones frå USA.

Galkina tok seg til finalen i fleire av dei store utandørsmeisterskapane i åra fram til 2003, utan å kunne gjere seg gjeldande i medaljestriden. Derimot fekk ho ein bronsemedalje i innandørs-EM 2002 ved å hoppe 6,68 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre