Fiona Marcia May (fødd 12. desember 1969) er ein britisk-italiensk friidrettsutøvar fødd i Slough. Ho vart verdsmeister i lengdehopp både i 1995 og 2001.

Fiona May


Statsborgarskap Italia, Storbritannia
Fødd 12. desember 1969 (54 år)
Slough
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Samveldeleikane 1990

Utmerkingar

offiser av Republikken Italias fortjenstorden, kommandør av Republikken Italias fortjenstorden

Aktiv endre

May deltok internasjonalt for Storbritannia og England fram til 1993. I 1994 gifta ho seg med ein italiensk stavhoppar og representerte sidan Italia.

Det var som italiensk utøvar May oppnådde den store suksessen. Frå og med EM 1994 til VM 2001 plukka ho medaljar i alle dei store meisterskapane. Desse åtte sesongane vann ho to VM-gull, fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar i olympiske leikar, verdsmeisterskap og europameisterskap. Mays personlege rekord i lengdehopp er på 7,11 m og frå EM 1998 i Budapest, der ho likevel måtte seg seg slått av tyske Heike Drechsler.

Tidvis tevla May også i tresteghopp og presterte i 1998 eit hopp på sterke 14,65 m, noko som gav henne femteplassen på årsbestelista i verda. Ho la idrettsskorne på hylla i 2005.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre