Llyn Tegid
Llyn Tegid, på engelsk også Bala Lake,[1] er ein stor innsjø i Gwynedd i Wales. Det var den største naturlege innsjøen i Wales før vassnivået i innsjøen vart heva av Thomas Telford for å gje meir vatn til Ellesmere-kanalen. Han er 6,4 km lang og 1,6 km brei, og vert stundom råka av brå og farleg flaum. River Dee renn gjennom innsjøen og vatnet er kjend for å vere djupt og klårt. Byen Bala ligg ved den nordlege breidda og Bala Lake Railway går fleire kilometer langs sørsida av innsjøen.[2]
Bala Lake Llyn Tegid | |||
innsjø | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Tilsig | River Dee | ||
Utløp | River Dee | ||
Lengd | 6,4 km | ||
Breidd | 1,6 km | ||
Areal | 4,84 km² | ||
Største djupn | 42 m | ||
Koordinatar | 52°53′N 3°38′W / 52.883°N 3.633°W | ||
Byar | Bala | ||
Llyn Tegid 52°53′00″N 3°38′00″W / 52.883333333333°N 3.6333333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Llyn Tegid |
Bala Lake er rik på gjedde, åbor, karpe, aure, ål og sik. Her finst òg det sjeldne blautdyret Myxas glutinosa - ein klebrig snigl.
Fleire selskap driv utleige av kajakk og andre typar båtar ved innsjøen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bala Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Snowdonia: Eryri National Park to use Welsh lake names only». BBC News (på engelsk). 15. november 2023.
- ↑ «Bala Lake Railway». Henta 3. september 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Llyn Tegid ved snowdonia.gov.wales
- www.geograph.co.uk : bilete av Bala Lake og omliggande område