Lobet den Herrn, alle seine Heerscharen

Lobet den Herrn, alle seine Heerscharen, BWV Anh 5,[a] er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Teksten er skriven av Christian Friedrich Hunold (Menantes) (1718-1721) etter introduksjonen til Salme 119: 175. Musikken til stykket er gått tapt.

Lobet den Herrn, alle seine Heerscharen
BWV Anh 5
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1718
Urframføring10. desember 1718

Stykket vart komponert i Köthen i 1718 for bursdagen til prins Leopold av Anhalt-Köthen. Stykket skil seg frå mykje av det Bach skreiv i Köthen. Det er ein sekulær kantate skrive for ei feiring, men er samstundes omtalt som tenkt for framføring i samband med ei gudsteneste (bey gehaltenem Gottes-Dienste), og teksten er henta frå Bibelen.[1] Bach skreiv vanlegvis ikkje musikk til gudstenester i Köthen på grunn av den kalvinistiske motviljen mot overdådig musikk.[2]

Merknadar endre

  1. «BWV» står for Bach-Werke-Verzeichnis, ein tematisk katalog over Bach sine verk. Verk ein rekna som ufullstendige eller av tvilsam autentisitet under kataologiseringa blei lista opp i eit appendiks, BWV Anhang, som er identifisert med BWV Anh.-tal.

Kjelder endre

  1. «Cantata BWV Anh 5». Bach Cantatas Website. Henta 25 June 2013. 
  2. Miles, Russell H. (1962). Johann Sebastian Bach: An Introduction to His Life and Works. Englewood Cliffs, N.J.: Prentice Hall. OCLC 600065.

Bakgrunnsstoff endre