For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bandet Lockerbie.

Lockerbie er ein by i regionen Dumfries and Galloway i det sørvestlege Skottland. Han har kring 4000 innbyggjarar. Han er mest kjend som åstad for Lockerbie-saka, der restane av eit passasjerfly styrta der i desember 1988 etter ein terroristbombe ombord på flyet.

Lockerbie

skotsk-gælisk Locarbaidh
Plassering
Lockerbie is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Dumfries and Galloway
Tradisjonelt grevskap Dumfries
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

4 009
Koordinatar 55°7′N 3°21′W / 55.117°N 3.350°W / 55.117; -3.350
Diverse annan informasjon
Postnummer DG11
Telefon-retningsnummer 0 1576
Commons har multimedium som gjeld: Lockerbie

Den dominerande bygningen i byen er rådhuset, som er eit godt døme på skotsk baronistil. Han er bygd i lokal raud sandstein. Ved sida av står eit minnesmerke over dei falne i andre verdskrigen.

Byen har, for storleiken sin, eit godt utvikla transportnett. Han ligg ved vegen A47, og har ein jernbanestasjon. Den lokale økonomien var lenge avhengig av handel med stor- og småfe, noko nærleiken til grensa til England gjorde lukrativt. Det blir enno halde saueauksjonar i byen.

Kjelder endre