Lokaltrafikkhistorisk forening

Lokaltrafikkhistorisk forening (LTF) er ei partipolitisk uavhengig og idealistisk norsk medlemsforeining som har som si oppgåve å spreie kunnskapen om, og interessa for kollektiv persontransport, og soga om dette i Noreg. Foreininga tek vare på gamle køyretøy, restaurerer dei, driv Sporveismuseet Vognhall 5Majorstua i Oslo i samarbeid med kollektivselskapet for Oslo og Akershus, Ruter AS, køyrer gamle trikkar og andre køyretøy gjennom byen ved ymse høve, og har i tillegg ein museumssporveg under oppbygging på Vinterbro i Ås kommune, i nærleiken av moroparken Tusenfryd. Foreininga gjev dessutan ut tidsskriftet Lokaltrafikk med fire utgåver i året, med stoff om kollektivtrafikk i både Noreg og utlandet.

Alle som er interessert i verksemda til foreininga kan melde seg inn, og kan eventuelt òg få ta del i museums-, restaurerings- og vedlikehaldsarbeidet i samsvar med sine kvalifikasjonar. Foreininga har tilhald i museet på Majorstua. Talet på medlemar er ikring 600.

Foreininga vart skipa 19. april 1966 som ein reaksjon på at trikk og trolleybuss var i ferd med å verte fjerna frå kollektivtilbodet i Oslo, og at trikkelinene i Bergen var lagde ned utan at meir enn ein av trikkane vart teke vare på. For å gjere soga om kollektivtrafikken i Noreg kjend for ålmenta, tok ein sikte på å byggje opp ei samling av gamle køyretøy, og om naudsynt restaurere dei. To motorvogner og ein tilhengar var dei fyrste trikkane foreininga fekk til rådvelde. I dag eig og rår foreininga over 84 tidlegare skjenegåande køyretøy frå trikk-, T-bane- og forstadsbanedrifta i Oslo, 41 gamle rutebussar og 5 andre køyretøy, i tillegg til døme på haldeplasskilt og anna som har hatt med kollektivtilbodet å gjere, og har med dette den største samlinga av kollektivtrafikk-køyretøy i Noreg. Flesteparten av dei skriv seg frå Oslo og Akershus.

Bakgrunnsstoff endre