Moroparken Tusenfryd

Tusenfryd er ein moropark ved Vinterbro i Ås kommune, om lag 20 kilometer sør for Oslo, like ved E6 og E18.

Moroparken Tusenfryd

Skipa11. juni 1988
HovudkontorVinterbro
LandNoreg
Nettstadhttps://www.tusenfryd.no
«Sverrehuskene», ein karusell på Tusenfryd.

Parken vart opna 11. juni 1988 av dåverande administrerande direktør Åse Kleveland. I dag er Thomas Nygård direktør. Parken tilhøyrer det spanske konsernet Parques Reunidos, som også eig Bø Sommarland.

Tusenfryd har i overkant av 400 000 vitjarar kvart år. Mellom Tusenfryd sine hovudattraksjoner kan ein nemne «SuperSplash», ei berg-og-dal-bane som endar med eit plask i vatnet, «ThunderCoaster», ein av Europas største berg-og-dal-baner som er laga i tre og «SpeedMonster» i stål som stod klar til sesongopninga i april 2006. «SpeedMonster» akselererer frå 0 til 90 km/t på 2,2 sekund. Speed Monster kosta rundt 70 millionar kroner og var parken si største investering så langt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre