Fossbergom

tettstad i Lom kommune
(Omdirigert frå Lom sentrum)

Fossbergom, også omtala som tettstaden Lom, administrasjonssenteret i Lom kommune i Oppland i Innlandet fylke. Namnet «Fossbergom» kjem av Prestfossen, ein foss i Bøvra som renn ut i Otta rett ved Fossbergom. Her finn ein Lom stavkyrkje frå om lag 1200, Norsk Fjellmuseum, Lom bygdamuseum og Fossheim Steinsenter. Det er også noko trevare- og møbelindustri, vidaregåande skule og fleire turistføretak.

Fossbergom
tettstad
Lom stavkyrkje frå 1200 vart på 1600-talet utvida til krosskyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lom
Areal 1,47 km²
Folketal 837  (2023)
Folketettleik 569 / km²
Postnummer 2686 LOM
Kart
Fossbergom
61°50′00″N 8°34′00″E / 61.83333333°N 8.56666667°E / 61.83333333; 8.56666667
Wikimedia Commons: Fossbergom

I 2008 vart Fossbergom peika ut som nasjonalparklandsby av Miljøverndepartementet.[1]

Kjelder

endre
  1. «Fakta om Lom som nasjonalparklandsby». Lom kommune. Henta 6. september 2010.