Lomas
Lomas (spansk for «åsane»), også kalla skoddeoasar, er vegetasjonsrike område som er avhengige av fukt frå skodde innanfor den kystnære ørkenen i Peru og det nordlege Chile. Rundt 100 lomas er identifiserte i den peruanske kystørkenen og i Atacamaørkenen mellom 5°S og 30°S breiddegrad, ei nord-sør-utstrekking på omtrent 2 800 kilometer. Lomas varierer i storleik frå små vegeterte område til meir enn 400 km², og floraen inkluderer mange endemiske artar. Utanom elvedalane og lomas er den kystnære ørkenen nesten utan vegetasjon. Forskarar har skildra enkelte lomas som «ei øy av vegetasjon i eit virtuelt hav av ørken».
I ein nesten regnlaus ørken eksisterer lomas grunna den tette, fuktige skodda som rullar inn frå Stillehavet. Skodda blir kalla garúa i Peru og camanchaca i Chile.
Miljø
endreIfølgje Köppen si klimaklassifisering har den kystnære ørkenen i Peru og Atacamaørkenen i Chile eit sjeldan ørkenklima, klassifisert som «BWn» på klimakart, der «n» indikerer hyppig skodde.[1][2] Temperaturen er mild heile året, og nedbøren er nesten ikkje-eksisterande, med gjennomsnitt på 3 til 13 millimeter årleg i dei fleste områda.[3] Mange år har ingen målbar nedbør. Atacamaørkenen er kjend som det tørraste ikkje-polare staden i verda. Arica i Chile, midt i den kystnære ørkenen, hadde ein rekordperiode på 173 månader utan målbar nedbør tidleg på 1900-talet.
Av og til fører El Niño til regn. Til dømes fekk ørkenen i Chile i mars 2015 rundt 25 millimeter regn på éin dag, noko som førte til flaum. Eit fenomen kalla den blomstrande ørkenen oppstår etter sjeldne styrtregn, der ørkenen blomstrar i kort tid. Vanlegvis, med nesten ikkje-eksisterande nedbør, er den kystnære ørkenen nesten utan vegetasjon, bortsett frå i lomas og langs elvar som har utspringet sitt i Andesfjella og renn gjennom ørkenen til Stillehavet.
Fukta som trengst for vegetasjonen i lomas kjem frå skodda som rullar inn frå det nærliggjande Stillehavet og omgir fjell som strekkjer seg nær sjøen. Den kalde Perustraumen går langs kysten. I den australe vinteren (mai til november) kjem tjukke stratusskyer, garúa, inn i landet til ei høgd på 1 000 meter dei fleste dagar. I denne sesongen er vegetasjonen i lomas frodig og grøn, og mange artar blomstrar. I den australe sommaren (desember til april) er vêret stort sett solfylt, og lomas blir tørrare. Fuktverknaden frå skodda blir forsterka av dei milde temperaturane heile året og den høge gjennomsnittlege luftfukta i dei kystnære ørkenane. Til dømes har Lima i Peru (12°S) gjennomsnittstemperaturar som varierer frå 17 °C til 23 °C, noko som er svært kjølig for ein tropisk stad. Limas gjennomsnittlege luftfukt er 84 prosent, meir enn dobbelt så høg som i dei fleste ørkenar.[4]
Lomas utgjer mindre enn to prosent av dei kystnære ørkenområda i Chile og Peru. Peru har meir enn 40 lomas med eit samla areal på under 2 000 kvadratkilometer, av eit totalt ørkenareal på 144 000 kvadratkilometer.[5]
Klimaendringar
endreLomas økosystema svært sensitive for klimaendringar.[6] Radiokarbondatering har vist at før 3800 f.Kr. fekk den peruanske ørkenen nord for Lima (12°S breiddegrad) meir sesongmessig nedbør og var for det meste vegeterte. Lomas—isolerte skoddeoasar eksisterte berre sør for Lima. Dette blir stødd opp under av likskapen i plantesamansettinga i dagens lomas nord for Lima, medan lomas sør for Lima har fleire endemiske planteartar, noko som indikerer geografisk isolasjon. Årsaka til klimaendringa var truleg varigskapen og styrken av El Niño-hendingar.[treng kjelde]
Overutnytting
endrePå mange stader har lomas vorte overutnytta til jordbruk og beite, både i førkolumbisk tid og i europeisk nærvære. Tildømes i forhistorisk tid, 25 kilometer nord for Ilo i Peru, langt frå andre vasskjelder, mogleggjorde fire kjelder tilførte av lomas-irrigasjon drift av omtrent 85 hektar jordbruk og beite for lamaer og alpakkaer. Hundrevis av menneske frå chiribaya-kulturen drog nytte av dette elles uvanlege jordbruket i eit regnfritt land. Seinare, på 1600-talet, hadde spanske kolonistar 200 muldyr på beite i desse lomas. Så seint som i 1951 levde framleis nokre tara-tre, sjølv om lomas då nesten var tømd for all vegetasjon og folkesetnad.[7]
Vernetiltak
endreI Peru vernar Reserva Nacional de Lachay (11°22′S) 50 km², 105 kilometer nord for Lima.[8]
Lomas de Atiquipa (15°48′S) er den største og best bevarte lomas-skogen i Peru, som dekkjer meir enn 420 km² og inneheld rundt 350 planteartar, inkludert 44 endemiske. Det nasjonale universitetet Saint Augustine i Arequipa har samarbeidd med peruanske naturvernorganisasjonar og Nature Conservancy for å bevare og restaurere miljøet i lomas. Ein del av prosjektet inkluderer installasjon av nett som fangar skoddevatn, noko som hjelper dei 80 familiane som bur i området til å utvide jordbruket, hovudsakleg dyrking av oliven.[9]
I Chile blir lomas verna i Pan de Azúcar nasjonalpark (26°09′S), Llanos de Challe nasjonalpark (28°10′S) og La Chimba naturreservat (23°32′S, 70°21′W). Det rikaste artsmangfaldet av lomas-flora i Chile finst likevel nær landsbyen Paposo (25°00′S). Skoddeoasane ved Paposo finst på høgder mellom 200 og 1 000 meter, med dei mest frodige vegetasjonsområda mellom 400 og 700 meter. Paposo-området har vorte erklært ei sone for økologisk vern av regjeringa i Chile.[treng kjelde]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lomas» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2024.
- Referansar
- ↑ «Clasificación Climática de Köppen» (på Spanish). Universidad de Chile. Arkivert frå originalen 22 January 2018. Henta 15. desember 2024.
- ↑ Inzunza, Juan. «Capitulo 15. Climas de Chile» (PDF). Meteorología Descriptiva y Aplicaciones en Chile (på Spanish). s. 427. Arkivert frå originalen (PDF) 22 January 2018. Henta 15. desember 2024.
- ↑ «The desert biome». UC Museum of Paleontology, Berkeley. Henta 15. desember 2024.
- ↑ «Lima, Peru. Weatherbase». Henta 15. desember 2024.
- ↑ «Lomas formations Peru». Smithsonian Institution, Department of Botany, National Museum of Natural History. Arkivert frå originalen 24. august 2015. Henta 15. desember 2024.
- ↑ Vivar, Sofia Flores and Bracke, Sarah and Haesen, Stef and Van Meerbeek, Koenraad (2024). «Climate change effects on Peruvian Lomas plant distribution».
- ↑ Zaro, Gregory (2007). «Diversity specialists: Coastal resource management and historical contingency in the Osmore desert of southern Peru» (PDF). Latin American Antiquity (Cambridge University Press) 18: 161––179. doi:10.2307/25063102.
- ↑ «Reserva Nacional de Lachay». Servicio Nacional de Áreas Naturales Protegidas por el Estado. Henta 15. desember 2024.
- ↑ «Peru: The Blessing of Water in Peru's Coastal Desert». The Nature Conservancy. Arkivert frå originalen 21. august 2017. Henta 15. desember 2024.