Longyan (kinesisk skrift 龙岩, pinyin Lóngyán) er eit byprefektur sørvest i provinsen Fujian i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 19 028 km² og 2 559 545 innbyggjarar i 2010. Longyan grensar mot provinsane Jiangxi i vest og Guangdong i sør.

Longyan (gul) i Fujian

Byprefekturet Longyan omfattar eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og fem fylke (县 xiàn).

Næring endre

Longyan er rik på naturressursar, med store skogar og svære førekomstar av ulike mineral.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 319 fører gjennom byprefekturet. Riksvegen tek til i Xiamen og går nordvestover gjennom provinsane Fujian, Jiangxi, Hunan og Chongqing, til han endar opp i Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan.

Historie endre

I 736 etablerte Tang-dynastiet prefekturet Tingzhou i det vestlege Fujian (eller «Minxi» (闽西); prefekturet administrerte fylka Changting, Huanglian og Xinluo. Seks år etter fekk Xinluo namnet Longyan etter ei spektakulær grotte i området.

Mange han-kinesarar flytta sørover frå nord på den sentrakinesiske sletta, der det jamt var stridar mellom kinesarar og inntrengar frå nord. Ei stor gruppe av desse, hakkaene, drog til Longyan. Byen Changting vert ofte omtala som hakkaene sin heim, og elva Tingjiang som «moderelva» til hakkafolket.

Minxi var eit strategisk baseområde under den kinesiske borgarkrigen.

Kjelder endre