Lotte Smiseth Sejersted (fødd 5. mars 1991) er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Bærum. Ho vann 16 gullmedaljar i norske meisterskap i alpine greiner i tida 2007-14. Sejersted er medlem av Stabæk Idrettsforening.

Lotte Sejersted
Lotte Smiseth Sejersted vant NM-gull i slalom (cropped).jpg
Fødd 5. mars 1991 (29 år)
Bærum
Yrke alpinist
Lotte Sejersted på Commons

AktivEndra

Nett fylt 16 år vart Sejersted noregsmeister i utfor under NM 2007 på Bjorli, samt sølvvinnar i super-G. Året etter, i 2008, vart det sølvmedalje i utfor i NM i Hafjell. Ved NM i alpine greiner 2009 på Oppdal vann ho super-G framom Kristina Riis-Johannessen, og tok bronsen i utfor. Også i superkombinasjonen fekk ho ein gullmedalje. I 2010 sikra ho seg gullmedaljane i utfor og i superkombinasjonen.

Den 1. februar 2011 rann Sjersted ned til gullmedalje under junior-VM i alpint i Crans-Montana i Sveits. Dermed vart ho den tredje norske kvinnelege alpinisten som vart juniorverdsmeister. Julie Lunde Hansen i 1991 og Mona Løseth i 2009 var dei to føregåande.

I NM i alpine greiner 2011, som vart arrangert i Oppdal og Trysil, vann ho alle dei fem gullmedaljane; utfor, super-G, superkombinasjon, storslalåm og slalåm. Prestasjonen sakna sidestykke på kvinnesida, ingen kvinne-alpinist har klart å vinne fem gull i eitt og same noregsmeisterskapen. Under noregsmeisterskapen 2012 vann ho utfor, super-G og superkomibinasjonen, medan ho i 2013 vann super-G og i 2014 utfor.

Sejersted kom på tiandeplassen i utfortevlinga i VM i alpine greiner 2011 i Garmisch-Partenkirchen. To år seinare vart ho nummer 13 i super-G i alpin-VM 2013, hennar beste plassering i meisterskapen. Under Vinter-OL 2014 i Sotsji gjorde ho sitt beste internasjonale meisterskapsrenn og vart nummer seks i utfor. Sejersteds beste plasseringar i verdscuprenn er to femteplasser i utfor, den fyrste i Lenzerheide i mars 2011 og den andre i Val-d'Isère straks føre jul i 2013 .

Etter ho den 9. januar 2016 pådrog seg ein alvorleg krossbandskade i Zauchensee, kom Sejersted aldri tilbake i alpinløypa.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar