Louis-Nicolas Clérambault

fransk musikar

Louis-Nicolas Clérambault (19. desember 167626. oktober 1749) var ein fransk musikar, mest kjend som organist og komponist.

Louis-Nicolas Clérambault

Louis-Nicolas Clérambault
Fødd19. desember 1676
FødestadParis
Død26. oktober 1749 (72 år)
DødsstadParis
OpphavFrankrike
PeriodeBarokken
SjangerKormusikk, klavermusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist og organist

Biografi endre

Clérambault kom frå ein musikalsk familie (faren og to av sønene hans var òg musikarar). Då han var særs ung lærte han å spele fiolin og cembalo og han studerte orgel hos André Raison. Clérambault studerte òg komponering og song.

Clérambault vart organist i kyrkja Grands-Augustins og gjekk i teneste hos Madame de Maintenon. Etter at Ludvig XIV og Guillaume-Gabriel Nivers døydde, tok han over for sistnemnte på orgel i kyrkja Saint-Sulpice og kongehuset i Saint-Cyr, ein institusjon for unge jenter frå lågadelen. Han var der ansvarleg for musikk, orgelet, dirigere kor osv. Han overtok denne posten etter at Madame de Maintenon døydde, og det var her han utvikla sjangeren «fransk kantate». I 1719 overtok han etter læraren André Raison på orgel i kyrkja Grands-Jacobins.

Verk endre

Frå Basse et Dessus de Trompette av Clérambault.
Basse et Dessus (Basse de trompette et Dessus de Cornet)

Av dei publiserte verka hans finn ein mellom anna:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Louis-Nicolas Clérambault