Opna hovudmenyen
Love Me Two Times
Singel av The Doors
frå albumet Strange Days
B-side Moonlight Drive
Utgjeve November 1967
Innspelt Mai og august 1967
Sjanger Blues rock, psykedelisk rock
Lengd
  • 3:16 (album)
  • 2:37 (singel)
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) Robby Krieger
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi
«People Are Strange»
(1967)
Love Me Two Times «The Unknown Soldier»
(1968)


«Love Me to Times» er ein song av The Doors. Han var skriven av bandet og kom først ut i 1967 på albumet Strange Days. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet (etter «People Are Strange») og nådde 25. plass på lista i USA.[1]

Ray Manzarek spelte den endelege versjonen av songen på ein clavinet (ei moderne utgåve av klavikord), ikkje ein cembalo.

«Love Me Two Times» vart rekna som litt for vågal for kunne spelast på radio då han kom ut.

Teksten var skriven av gitarist Robby Krieger. I følgje bandmedlemmane omhandlar songen ein soldat eller sjømann den siste dagen med kjærasten før han fer ut.

MedverkandeEndra

KonsertversjonarEndra

  • I 1968 drog the Doors på Europaturne og gjorde konsertopptak av songen. Opptaket hamna på samleplata Alive, She Cried i 1983. Denne versjonen hadde ein annan keyboardsolo mellom versa som var langt mindre komplisert enn den første innspelinga. Han hadde òg fleire orgeleffektar enn originalen.
  • I 1972 spelte the Doors songen på konsertar etter at Jim Morrison var død. Som ein trio var det Ray Manzarek som song solovokal (i tillegg til å spele orgel og pianobass).

Andre versjonarEndra

KjelderEndra