Opna hovudmenyen

Raymond Daniel «Ray» Manzarek, Jr. (12. februar 193920. mai 2013) var ein amerikansk musikar, songar, plateprodusent, filmmakar, låtskrivar, og klaverspelar i The Doors frå 1965 til 1973, samt The Doors of the 21st Century (seinare kalla Manzarek-Krieger) sidan. 2001. Han var den eldste av dei tidlegare medlemmane i the Doors.

Ray Manzarek
Ray Manzarek in Jan 2007 cropped.jpg
Ray Manzarek
Fødd12. februar 1939
FødestadChicago
Død20. mai 2013 (74 år)
DødsstadRosenheim
FødenamnRaymond Daniel Manzarek, Jr.
OpphavChicago i Illinois i USA
Aktiv1961 til i dag
SjangerPsykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock, blues, jazz-fusion, funk
Instrumentklaverinstrument, Vokal, piano, orgel, klaverbass, Marxophone
Kjende instrumentVox Continental
Gibson G-101
Rhodes Klaver bass
Tilknytte artistarThe Doors, Nite City
Manzarek-Krieger
Rick & the Ravens
PlateselskapElektra
Verka somMusikar, låtskrivar, klaverspelar, filmmakar
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Då han flytta til Los Angeles i 1962 hadde han allereie ei grad i økonomi frå DePaul University i Chicago. I perioden 1962-1965 studerte han filmvitskap ved UCLA, saman med mellom andre Jim Morrison. Etter at studia var ferdig hadde dei planar om å gå kvar sine veg, men møttest tilfeldig og etter at Manzarek hadde bede om å høyre kva Morrison hadde skrive på eiga hand, fekk han høyre ein enkel versjon av «Moonlight Drive», noko som vart byrjinga til The Doors.

Ray Manzarek

Manzarek turnerte dei seinare åra med gruppa Riders on the Storm saman med The Doors-kollega Robby Krieger og The Cult-vokalist Ian Astbury. Gruppa spela på Rockefeller i Oslo 7. januar 2007.

Manzarek døydde på eit sjukehus i Tyskland etter å ha slite med kreft i lang tid.

DiskografiEndra

The DoorsEndra

For meir om dette emnet, sjå The Doors#Diskografi.

SoloEndra

Nite CityEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra