Lowdown av Chicago
Lowdown Singel av Chicago frå albumet Chicago III | ||
B-side |
«Loneliness Is Just A Word» | |
---|---|---|
Utgjeve | April 1971 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:35 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Peter Cetera, Danny Seraphine | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago-kronologi | ||
«Free» (1971) |
Lowdown | «Beginnings»/«Colour My World» (1971)
|
«Lowdown» er ein song skriven av Peter Cetera og Danny Seraphine for rockebandet Chicago og spelt inn for det tredje albumet deira, Chicago III (1971). Det var den andre singelen deira frå dette albumet, og nådde 35. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[1]
Cetera syng solovokal, medan gitarist Terry Kath brukar ein fuzzbox og wah-wah-pedal på gitarsoloen. Robert Lamm spelar Hammondorgel. Det vart spelt inn ein japanskspråkleg versjon av songen i 1972 for den japanske marknaden, der han vart gjeven ut på singel. Han vart berre gjeve ut digitalt på den japanske samleplata The Heart Of Chicago 1967-1971 Volume II Special Edition (grønt omslag), som òg inneheld «Questions 67 And 68» sungen på japansk.
Gruppa framførte songen på konsert med japansk tekst på turneane i Japan i 1972. Dette kan ein høyre på Live In Japan.
Medverkande
endre- Peter Cetera - solovokal, bass
- Terry Kath - elektrisk gitar, korvokal
- Robert Lamm - Hammondorgel, Hohner Pianet elektrisk piano
- Danny Seraphine - trommer, tamburin, maracas
- James Pankow - trombone
- Lee Loughnane - trompet
- Walter Parazaider - tenorsaksofon
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lowdown (Chicago song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Chicago Awards». Allmusic. Henta 17. oktober 2015.