Loznica
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Loznica (fleirtyding).
Loznica (serbisk kyrillisk Лозница, uttalt lǒznit͡sa) er ein by vest iSerbia, i Mačva-distriktet, ikkje langt frå grensa til Bosnia-Herzegovina. Han ligg på høgresida av elvaDrina. I 2011 hadde byen eit folketal på 19 572, medan heile det administrative området hadde eit folketal på 79 327.
Loznica Лозница | |||
by | |||
Offisielt namn: Loznica | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Mačva | ||
Areal | 612 km² | ||
Folketal | 19 212 (Folketeljing 2011) | ||
- storby | 79 327 | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
![]() Loznica | |||
Wikimedia Commons: Loznica | |||
Historie endre
Namnet Loznica var opphavleg Lozica og er avleidd frå loza, 'drueranke'. Loznica-området har vore folkesett sidan steinalderen, men den eldste omtalen av byen stammar frå 1317. Dette året grunnla Katarina, svigerinna til den serbiske kongen Stefan Milutin, Tronoša-klosteret her.
I 1533 var Loznica blitt erobra av Det osmanske riket, og størsteparten av innbyggjarane var muslimar. Skatteregisteret frå denne tida viser at av 37 hushaldningar var 26 muslimske og 11 kristne. I 1600 var Loznica offisielt muslimsk med 55 hushaldningar. På denne tida var Loznica og Jadar del av ein region styrt frå Zvornik, som igjen låg under pasjaen i Bosnia.
Innbyggjarane i Loznica deltok i opprøret mot osmansk styre frå den første serbiske oppreisten i 1804. I tida fram til 1813 blei fleire tunge slag kjempa i området. I 1813 dreiv serbarane osmanarane over elva Drina, og Loznica blei ein osmansk grenseby. I november 1833 blei Loznica og Jadar del av fyrstedømet Serbia under Miloš Obrenović, då sultan Mahmud II overgav seks regionar til landet. Det gamle føydalsystemet blei oppheva og landet blei erklært ein fri bondestat.
Loznice blei del av og hovudsete for Podrinjeregionen, ei rolle som blei overført til Šabac på 1800-talet. I 1830-åra hadde Loznica 295 hushaldningar med 1 203 innbyggjarar. Det blei bygd skular, fabrikkar og eit sjukehus (1882), medan handel og finans utvikla seg. Tidleg på 1900-talet byrja utbygging av ein jernbane mellom Šabac, Loznica og Banja Koviljaca.
Den første balkankrigen og den første verdskrigen stoppa den økonomiske utviklinga og reduserte folketalet kraftig. Ved slutten av verdskrigen var Loznica eit regionalt senter med rundt 5 000 innbyggjarar. Ei kort tid med gjenreising og utvikling blei følgd av den store depresjonen. Tysk industri nytta antimongruver i området, noko som styrkte økonomien fram til utbrotet av den andre verdskrigen.
I januar 2008 fekk Loznica status som by etter serbisk lovverk.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Loznica» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2016.
Bakgrunnsstoff endre
- Offisiell nettstad
- Nettportal for Loznica Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.