Lucifer's Friend av Lucifer's Friend

Lucifer's Friend
Studioalbum av Lucifer's Friend
Språk engelsk
Utgjeve 1970
Innspelt November 1970
Sjanger Hardrock
Tungmetall
Progressiv rock
Lengd 40:32 (Original LP)
53:02 (Med bonusspor)
Selskap Philips Records (1970)
Repetoire Records(1990)
Vertigo Records (2010)
Produsent Herbert Hildebrandt
Kritikk
Lucifer's Friend-kronologi 
Asterix
(1970)
Lucifer's Friend Where the Groupies Killed the Blues
(1972)


Lucifer's Friend er det fyrste albumet åt det tyske rockebandet Luficer's Friend. Albumet vart spelt inn i løpet av november 1970, og kom ut for sal ikkje lenge etterpå. Lucifer's Friend var éin av mange tyske band som valde ein britisk vokalist.

Tyngda på Lucifer' Friend er sentral i det elles progressive bandet. Albumet lever verkeleg opp sitt malesjøske namn med tung tangentfjøl-samansett rock – jamstilt med band som Deep Purple og Uriah Heep. Lucifer's Friend byrjar med den buldrande Ride the Sky, som kan minna litt om melodien til Led Zeppelin sin Immigrant Song. Derifrå arbeider bandet gjennom ei rekke av songar med metallinspirert gitarriff, som grenser mot progrock. Bandet prøver gjennom albumet å skapa ein nifs stemning, og er difor eit stort bidrag til tungmetall-sjangeren.

Ein ulempe med albumet er at det manglar varierte instrumentale delar og detaljar, men kompenserer dette med ein osande energi, originale skipnadar og god vokal. Donald A. Guarisco omtalar albumet som: «ein solid debut og eit gjevande album for ein kvar som har interesse i tungmetallens røter.».[1]

Innhald endre

Opphavleg sporliste endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ride the Sky»2:55
2.«Everybody's Clown»6:12
3.«Keep Goin'»5:26
4.«Toxic Shadows»7:00
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Free Baby»5:28
2.«Baby You're a Liar»3:55
3.«In the Time of Job When Mammon Was a Yippie»4:04
4.«Lucifer's Friend»6:12

Reutgjevnad frå 1995 endre

Nr.TittelLengd
1.«Ride the Sky»2:55
2.«Everybody's Clown»6:12
3.«Keep Goin'»5:26
4.«Toxic Shadows»7:00
5.«Free Baby»5:28
6.«Baby You're a Liar»3:55
7.«In the Time of Job When Mammon Was a Yippie»4:04
8.«Lucifer's Friend»6:12
9.«Rock 'N' Roll Singer»4:21
10.«Satyr's Dance»3:17
11.«Horla»2:52
12.«Our World is a Rock 'N' Roll Band»3:20
13.«Alpenrosen»3:53

Medverkande endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Lucifer's Friend, Allmusic.com, Rovi Corporation 2011, 2010, henta 2. oktober 2011