Immigrant Song
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III
B-side

«Hey Hey What Can I Do»

Språk engelsk
Utgjeve 5. november 1970
Innspelt Mai–august 1970
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 2:25
Selskap Atlantic
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Jimmy Page, Robert Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
«Whole Lotta Love» / «Living Loving Maid (She's Just a Woman)»
(1969)
Immigrant Song «Black Dog» / «Misty Mountain Hop»
(1971)


«Immigrant Song» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han vart gjeven ut som singel frå det tredje albumet deira , Led Zeppelin III, i 1970.

Oversyn endre

Songen har eit særeige, hylande rop frå vokalist Robert Plant i byrjinga av songen, og er bygd kring eit repeterande, staccato riff av Jimmy Page/John Paul Jones/John Bonham i fiss.

«Immigrant Song» vart skriven under ein turne på Island, Bath og Tyskland sommaren 1970. Bandet spelte ein konsert i Reykjavík i Island, som inspirerte Plant til å skrive songen. Han forklarte:

« Me var ikkje pompøse ... Me kom ikkje frå landet av is og snø. Me var gjester hos den islandske regjeringa på eit kulturelt opppdrag. Me vart inviterte til å spele ein konsert i Reykjavik og dagen før me kom vart det ein stor streik og konserten heldt på å bli kansellert. Universitet førebudde ein konserthall for oss og det vart glimrande. Responsen frå ungdomen var fantastisk og me hadde det verkeleg kjekt. «Immigrant Song» var om denne reisa og det var opningsporet på albumet som var meint å vere heilt annleis.[1] »

Berre seks daga etter Led Zeppelin spelte i Reykjavik, framførte bandet songen for første gong under Bath-festivalen.[2]

Songen er skriven frå perspektivet til vikingane som rodde vestover frå Skandinavia på leit etter nytt land. Teksten referer til erobringane til vikingane og den norrøne religionen (Fight the horde, sing and cry, Valhalla, I am coming!).

«Immigrant Song» er ein av få Led Zeppelin-singlar, og kom ut i november 1970, mot ønsket til bandet. Han nådde 16. plass på Billboard-lista.[3] B-sida «Hey Hey What Can I Do» vart berre gjeven ut på denne singelen fram til plateboksen deira i 1990. Singelen vart òg feilaktig gjeven ut i Japan med «Out on the Tiles» som B-side.

Ein av tekstlinjene i songen skulle seinare skildra stilen til bandet: The hammer of the gods/will drive our ships to new lands. «Hammer of the Gods» vart nytta som tittel på den kjende biografien til bandet av Stephen Davis, Hammer of the Gods: The Led Zeppelin Saga. Teksten gjorde òg mykje for å inspirere den klassiske heavy metal-myta med viking-aktige figurar på eventyr, tema som vart nytta av band frå Iron Maiden til Manowar.

«Immigrant Song» vart nytta som opningssong på konsertane til Led Zeppelin frå 1970 til 1972. I 1973 vart songen stundom spela som ekstranummer, og sidan vart han ikkje spelt meir.[3] Konsertversjonar av songen finst på albuma How the West Was Won (frå Long Beach Arena i 1972) og Led Zeppelin BBC Sessions (frå Paris Theatre i London i 1971).

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 55.
  2. Lewis, Dave and Pallett, Simon (1997) Led Zeppelin: The Concert File, London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-5307-4, s. 50-51.
  3. 3,0 3,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

Bakgrunnsstoff endre