Opna hovudmenyen

Ludmila Formanová (fødd 2. januar 1974) er ein tsjekkisk tidlegare friidrettsutøvar frå Čáslav som vart verdsmeister på 800 meter i 1999.

Ludmila Formanová
Ludmila Formanova2.jpg
Fødd 2. januar 1974
Čáslav
Yrke mellomdistanseløper
Ludmila Formanová på Commons

AktivEndra

Formanová vart juniorverdsmeister på 800 m i 1993. Fire år seinare lukkast ho å ta seg til finalen på 800 m under friidretts-VM i Aten, der ho enda på femteplassen. Vel eit halvt år etter, i mars 1998, vann ho yndlingsdistansen ved innandørs-EM 1998 i Valencia.

I 1999 braut Formanová den lange sigersrekka til Maria Mutola på 800 m ved å vinne distansen i innandørs-VM med den sterke tida 1.56,90. Gjennom sommarsesongen var Formanová framleis i toppform og den 11. august sprang ho i Zürich sin fortaste 800 m nokon gong, klokka inn på 1.56,56. Tretten dagar seinare, den 24. august, vann ho gullmedaljen på 800 m under verdsmeisterskapen i Sevilla, fattige fire hundredels sekund framom Mutola og på ei tid like over hennar eige, ferske personbeste. Sidan heldt ikkje Formanová same toppnivå, dels grunna skadeplagar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra