Ludvig Daae (1723–1786)

Ludvig Daae (fødd 9. mai 1723 i Vik i Sogn, død 18. februar 1786 i Lygra sokn) var ein norsk prest og godseigar.

Ludvig Daae
Fødd 9. mai 1723
Død

18. februar 1786 (62 år)

Yrke prest
Den noverande Lindås kyrkje
Foto: Anders Larsen

Foreldra til Daæ var Anders Daae (1680–1763) og Birgitte Munthe. Han tok den filosofiske magistergraden i 1746 og blir omtala som «Mag.». Han var sokneprest i Lindås frå 1759. Ei rad av hans eigne barn og barnebarn vart prestar på Vestlandet. Daae var bestefar til historikaren Ludvig Kristensen Daa og presten Claus Daae, dessutan oldefar til politikaren Ludvig Daae, historikaren Ludvig Daae og Suzannah Ibsen.

Buet etter Daae omfatta 23 gardar i Sogn og 31 gardpartar i Lindås. Han åtte også fleire kyrkjer med tiende: kyrkjene i Lindås prestegjeld (Lindås, Myking, Sandnes og Lygra kyrkjer), Arnefjord og Hove kyrkjer i Vik prestegjeld, og Hamre kyrkje på Osterøy. Kyrkjer og jordegods i buet utgjorde ein salsverdi på over 12.000 riksdalar.[1]

KjelderEndra

  1. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer s.369.