Hove kyrkje

kyrkje i Vik kommune

Hove kyrkje står i utkanten av Vikøyri i Vik kommune i Vestland. Kyrkja er bygd i stein på slutten av 1100-talet. Ikkje langt frå kyrkja ligg Hopperstad stavkyrkje. Frå 1877 var den nye Vik kyrkje soknekyrkje i Vik. Arkitekt Peter Andreas Blix (1831-1901) organiserte restaurering av kyrkja, og ligg gravlagd under kyrkjegolvet.

Hove kyrkje
kyrkje
Foto: Per Magne Kjøde
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Vik
Periode Romansk
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd ca. 1170
Tårn Vesttårn
Portal Vestportal fornya av Blix romansk/gotisk
Skip Einskipa
Altar Relikviealter frå mellomalderen av murt stein
Diverse Krusifiks frå 1880–åra over koropninga. Glasmåleri i korveggen, Kristus i midten flankert av David og Moses
Kart
Hove kyrkje
61°04′18″N 6°35′00″E / 61.07166667°N 6.58333333°E / 61.07166667; 6.58333333
Wikimedia Commons: Hove Church

Hove kyrkje og Hove kyrkjegard er automatisk freda som kulturminne frå mellomalderen. I 2005 freda Riksantikvaren mellombels eit område kring kyrkja. Bønder i området har planar om bygging av eit samdriftsfjøs i området. I september 2005 kom Riksantikvaren med ei uttale om at dei meiner bygging av eit slikt fjøs strir mot vernereglane.

Galleri endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre