Luigi Rossi

italiensk komponist

Luigi Rossi (159820. februar 1653) var ein italiensk komponist under tidlegbarokken.

Luigi Rossi
Luigi-Rossi 1597-1653.jpg
Føddca. 1597
FødestadTorremaggiore
Død20. februar 1653 (55 år)
DødsstadRoma
OpphavSveits
Sjangeropera
Instrumentorgel
Stemmetypetenor
Verka somkomponist, operasongar

Rossi var fødd i Torremaggiore ved Foggia i Kongedømmet Napoli.[1] Han studerte i Napoli under den kjende madrigalkomponisten Giovanni de Macque.[1] Han verka som komponist, songar og luttspelar hjå Medici-fyrstane i Firenze og hjå Borghese-familien og kardinal Antonio Barberini i Roma. Frå 1633 og livet ut var hanorganist ved S. Luigi dei Francesi. [1]

I 1632 skreiv han kantaten Lamento della Regina di Svetia etter at svenskekongen Gustav Adolfs døydde under slaget ved Lützen. Han skreiv også ein kantate då Karl I av England døydde.[1]

I 1641 gjekk han i teneste hjå pave Urban VIII i Roma. Der blei hans første opera, Il palazzo d'Atlante incantato, oppført i 1642. Dei neste åra følgde fleire kantatar og oratorium. Rossi er rekna som ein meister av kantateforma. I alt skreiv han over 250 kantatar. Kammerkantatane hans er rekna som dei beste frå 1600-talet.

Det franske hoffet kalla Rossi til Paris i 1646. Der blei den andre og siste operaen hans, Orfeo, oppført året etter med den berømte kastratsongaren Atto Melani i hovudrolla. Oppføringa la grunnlaget for at at den italienske operaforma fekk fotfeste i Frankrike.

I ei kantatesamling frå 1646 blir Rossi presentert som musikar hjå kardinal Antonio Barberini. Giacomo Antonio Perti omtalte i 1688 dei tre komponistane Rossi, Giacomo Carissimi og Antonio Cesti som «dei tre største lysa i profesjonen vår».

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Denis Arnold; Tim Carter. Alison Latham, red. «Rossi, Luigi». The Oxford Companion to Music. Oxford University Press. 

BakgrunnsstoffEndra