Luis Fernández
Luis Miguel Fernández Toledo (fødd 2. oktober 1959) er ein fransk tidlegare fotballspelar og -trenar, fødd i Tarifa i Spania. Han vart europameister med Frankrike i 1984 og fekk VM-bronse i 1986.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Luis Miguel Fernández Toledo | ||
Fødselsdato | 2. oktober 1959 (64 år) | ||
Fødestad | Tarifa i Spania | ||
Høgd | 181 cm | ||
Posisjon | Defensiv midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1978—1986 | PSG | 225 | (30) |
1986—1989 | RCF Paris | 59 | (2) |
1989—1993 | Cannes | 93 | (5) |
Totalt | 377 | (38) | |
Landslag | |||
1982–1992 | Frankrike | 60 | (9) |
Trenar for | |||
1992–1994 | Cannes | ||
1994–1996 | PSG | ||
1996–2000 | Athletic Bilbao | ||
2000–2003 | PSG | ||
2003–2004 | Espanyol | ||
2005 | Al-Rayyan | ||
2006–2007 | Real Betis | ||
2008–2009 | Stade Reims | ||
2010–2011 | Israel | ||
2015–2016 | Guinea | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Spelar
endreKlubbspel
endreFernández spelte på Paris Saint-Germain frå 1978 til -86. Gjennom desse åtte sesongane var han med å føre til laget til to triumfar i den franske cupen; 1982 og 1983. Også i 1985 tok PSG seg til nasjonal cupfinale, måtte då tole tap. Fernández avslutta sine år som aktiv i PSG med å vinne seriegull våren 1986. Der etter spelte han tre sesongar i Racing Paris, utan at den rike klubben oppnådde suksess. Frå 1989 til -93 opptredde han i drakta til Cannes, eit lag som han rykte ned med i 1992 og opp att i toppdivisjonen i 1993.
Landslagsspel
endreFernández hadde den defensive rolla då han gjennom 1980-talet var ein spelarane i det franske landslaget sin magiske midtbanekvartett, dei andre var Michel Platini, Alain Giresse og Jean Tigana. Fernández debuterte på Frankrikes landslag i november 1982 og var med å vinne fotball-EM 1984 på heimebane. To år seinare vart det bronse på Frankrike og Fernández ved VM 1986 i Mexico. I 1987/88 var han landslagskaptein i fem kampar, mellom anna då Frankrike og Noreg spelte 1-1 i Paris, der norske Tom Sundby utlikna få minuttar før slutt. Fernández spelte sin 60. og siste landskamp då Frankrike tapte kvartfinalen mot Danmark under EM i fotball 1992. Han skåra seks landslagsmål.
Merittar
endre- Europameister: 1984 med Frankrike
- VM-bronse: 1986 med Frankrike
- Fransk cupmeister: 1982 og 1982 med PSG
- Fransk seriemeister: 1986 med PSG
Trenar
endreSidan 1993 har Fernandez ofte arbeidd som trenar. Størst suksess hadde han med Paris Saint-Germain som i 1995 vann den nasjonale cupmeisterskapen og i 1996 sigra i Cupvinnarcupen med finalesiger 1-0 over Rapid Wien.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Luis Fernández» frå Wikipedia på tysk, den 27. juni 2017.