Lulla Fossland

norsk politikar

Lulla Einrid Fossland (13. august 19173. desember 2009) var ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Lulla Fossland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 1917
Karmøy kommune
Død

3. desember 2009 (92 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Torolf Fossland

Fossland vart fødd i Harstad med foreldra Elvine og Gerhard Melvik. Ho tok middelskoleeksamen i 1933, folkehøgskole 1936/37 og arbeidde i grensepolitiet frå 1937 til 1945. I 1937 var ho blitt gift med Torolf Fossland, og ho flytta i 1945 med han til Lierne, der ho arbeidde som ekspeditrise, og i 1958 til Karmøy, der ho arbeidde som typesettar og syerske. Her tok ho òg utdanning gjennom LO.

Lulla Einrid Fossland vart vald til 1. vararepresentant til Stortinget for Rogaland Arbeidarparti i periodane 1969-73 og 1973-77. I den første perioden rykte ho opp til fast representant 25.11.1969 etter at Peder Næsheim døydde. I 1967-71 representerte ho Arbeidarpartiet i Karmøy kommunestyre.

Kjelder endre