Lum!x
Luca Michlmayr (fødd 23. juli 2002 i Rohrbach-Berg), kjend under scenenamnet LUM!X, er ein austerriksk DJ og musikkprodusent. Han er mest kjend for hitane «Monster» (med den italienske DJ-en Gabry Ponte) og «Thunder» (med DJ-ane Ponte og Prezioso), som selde til gull og platina heime i Austerrike, i tillegg til Danmark, Frankrike, Italia, Nederland, Noreg, Polen, Sveits, Sverige og Tyskland.[1] «Thunder» nådde ein femteplass på den norske singllisten hausten 2021 og låg vinteren 2022 fortsatt på topp 20 i Noreg.[2][3]
Lum!x | |||
| |||
Fødd | 2002 (22 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rohrbach-Berg | ||
Opphav | Austerrike | ||
Aktiv | 2018– | ||
Verka som | musikkprodusent, DJ | ||
Prisar | Amadeus Austrian Music Award |
Han er også platina-sertifisert i Austerrike for «The Passenger (LaLaLa)», som er eit samarbeid med Ponte, Mokaby og DTE.[4] Han representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2022 saman med Pia Maria og songen «Halo», der dei ikkje klarte å kvalifisere seg til finalen etter ein 15. plass i den fyrste semifinalen.[4][5]
LUM!X vart i 2021 nominert til ein Amadeus Austrian Music Award i kategorien elektronic/dance, og han mottok ein French Fun Radio DJ Award for beste nykomar.[4]
Kjelder
endre- ↑ «LUM!X biography». Last.fm (på engelsk). Henta 10. februar 2022.
- ↑ «LUM!X». topplista.no. Henta 10. februar 2022.
- ↑ «Singel 2022 uke 04». topplista.no. IFPI Norge. Henta 10. februar 2022.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «LUM!X feat. Pia Maria gehen mit „Halo“ für Österreich beim Eurovision Song Contest 2022 in Turin an den Start». tv.orf.at (på tysk). ORF. 8. februar 2022. Henta 8. februar 2022.
- ↑ «Austria: LUM!X and Pia Maria will take 'Halo' to Eurovision 🇦🇹». Eurovision.tv. EBU. 8. februar 2022. Henta 8. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «LUM!X» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2022.