Luminans er den lysstyrken som eit lite flateelement av overflata til ei lyskjelde har når ein ser flateelementet frå ei viss retning, dividert med den tilsynelatande storleiken av flateelementet når det vert sett frå den same retninga. For ein lekam som stråler i samsvar med Lamberts cosinuslov, er luminansen den same i alle retningar.

Luminans vert òg kalla lystettleik.

Definisjon endre

Luminans er definert[1] av derivasjonen

 

der

  er luminans (cd/m2),
  er lysstraum eller lysfluks (lm),
  er vinkelen mellom flatenormalen og den spesifiserte retninga
  er arealet til flata (m2), og
  er romvinkelen (sr).

Uttrykket er skriven med Leibniz-notasjon.

Einingar endre

SI-eininga for luminans er candela/m² (cd/m²), som òg har vorte kalla nit. Andre eininga som har vore nytta er stilb (a) = cd/cm², ²apostilb (asb) = 1/π cd/m², lambert = 1/π cd/cm² og foot-lambert = 1/π cd/ft² = 3,426 cd/m2.

Luminans i fjernsyn endre

Ved ei analog fjernsynssending vert alle detaljar i fjernsynsbiletet overført ved hjelp av luminanssignalet, som inneheld svart/kvit-informasjonen. Eventuelle fargar vert overført ved hjelp av eit tilleggssignal, krominanssignalet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Chaves, Julio (2008). Introduction to Nonimaging Optics. Optical Science and Engineering 134. CRC Press. s. 449. ISBN 9781420054293.