Lysmåling
Lysmåling eller fotometri er måling av styrken eller intensiteten til ei lyskjelde, måling av lysstraum eller lysfluks og lysmengd eller illuminans. I praksis er det lysstraum eller belysningsstyrke som blir målt, medan lysstyrken til ei kjelde må reknast ut frå illuminansen han gjev i ein bestemd avstand og i ulike retningar.
Lysmåling er ein del av radiometri, som er læra om måling av strålingsenergi (inkludert lys) i form av absolutt styrke. I fotometri vert strålingsstyrken til kvar bølgjelengd vekta av ein luminositetsfunksjon som baser seg på korleis mennesket sansar lysstyrken.
Einingar
endreGrunneininga for lysmåling i SI-systemet er eininga for lysstyrke, candela (cd). Tidlegare nytta ein eininga normallys (candle, internasjonalt lys) der 1 normallys = 1,05 cd, og hefnerlys der 1 hefnerlys = 0,94 cd. Desse einingane svarar om lag til lysstyrken frå eit vanleg stearinlys.
Dei andre einingane for lysmåling vert definert ut frå grunneininga.
Storleik | Eining (symbol) | Definisjon |
---|---|---|
Lysstyrke | candela (cd) | 1 candela er lysstyrken i ein viss retning frå ei kjelde som sender ut monokromatisk stråling med frekvens 540 · 1012 hertz og med strålingsstyrke i den gjevne retning på 1/683 watt/steradian. Dette er grunneininga i SI-systemet |
Lysfluks | lumen (lm = cd · sr) | 1 lumen er lysfluksen eller lysstraumen i ein romvinkel på 1 steradian frå ei punktforma strålekjelde som stråler likt i alle retningar. |
Lysmengd | lumensekund (lm · s) | Lysfluks multiplisert med tid |
Illuminans | lux (lx = lm/m²) | Lysfluks mot ei flate dividert med arealet av flaten |
Lyseksponering | luxsekund (lx · s) | Illuminans multiplisert med tid |
Luminans | cd/m² | Lysstyrken frå eit flateelement sett frå ei særskild retning dividert med det tilsynelatande arealet til flatelementet. |
Lyseksitans | lm/m² | Forholdet mellom lysfluksen frå eit flateelement og storleiken til flatelementet |
Lysutbytte av ei lyskjelde | lumen/watt (lm/w) | Forholdet mellom lysfluksen frå ei lyskjelde og effekten av lyskjelda |
Lysutbytte av stråling | lumen/watt (lm/w) | Forholdet mellom lysfluksen i ei stråle og energifluksen i strålen |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Photometry (optics)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2013.
- «Lysmåling» (28. februar 2013) i Store norske leksikon, snl.no.