Lumphanan er ein landsby i regionen Aberdeenshire i Skottland, omtrent 40 km frå Aberdeen og 16 km frå Banchory. Landsbyen har to pubar, ein i sjølve landsbyen kalla «The MacBeth Arms» og den andre rundt fem km unna kalla «The Cross».

Lumphanan

skotsk-gælisk Lann Fhìonain
På veg inn i Lumphanan
På veg inn i Lumphanan
På veg inn i Lumphanan
Plassering
Lumphanan is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Aberdeenshire
Geografi
Koordinatar 57°7′N 2°41′W / 57.117°N 2.683°W / 57.117; -2.683
Diverse annan informasjon
Commons har multimedium som gjeld: Lumphanan

Landsbyen oppstod langs jarnbana i løpet av 1800-talet, men ei kyrkje er trudd å gå tilbake til før reformasjonen og då tileigna Sankt Finan. Ho vart ombygd i 1762 og utvida i 1851. Mot sørvest ligg «Peel of Lumphanan», eit festningsanlegg frå 1200-talet og på 1400-talet eit herskapshus kalla «Halton House» som stod til 1782.

Historie endre

Lumphanan er dokumentert for å vere staden for eit slag i år 1057 der Malcolm III av Skottland sigra over Macbeth av Skottland. Macbeth, kjent blant anna frå William Shakespeare sitt drama Macbeth, vart dødeleg såra på nordsida av fjellkjeda Mounth etter å ha trekt seg tilbake saman med mennene sine over fjellovergangen Cairnamounth for til sist å ta opp kampen i slaget ved Lumphanan [1]. Det historiske diktet Bercháns profeti hevdar at Macbeth vart såra ved Lumphanan og døydde to dagar seinare ved Scone, 96 km lengre sør. [2] Stesonen til Macbeth Lulach mac Gille Coemgái vart sett inn som konge kort tid etter.

Ei steinrøys som blir kalla «Macbeth's Cairn» (Macbeths steinrøys) står mellom Lumphanan og Perkhill og markerer staden der det er sagt at Malcolm drap Macbeth.

Sport endre

Saman med ein kort, men utfordrande golfbane med ni hol har Lumphanan òg ein nyleg oppussa bane for fleire idrettar, og ytterlegare sportsaktivitetar i eit stort parkanlegg. Fotballaget vert kalla «The Wildcats».

Kjelder endre

  1. Wyntoun, Andrew: Original Chronicle, rei. F.J. Amours, vol. 4, side 298-299 og 300-301 (c. 1420)
  2. Dei nøyaktige datoane er usikre, Woolf seier 15. august, Hudson 14. august og Duncan, som følgjer John av Fordun, set 5. desember; Tigernach-annalane 1058.5; Ulster-annalane 1058.6..