Luna 1 var ein sovjetisk romsonde og det fyrste romfartøyet til å nå månen. Sonden vart skoten opp 2. januar 1959 frå Bajkonur-kosmodromen. Han passerte mindre enn 59 985 kilometer frå måneyta 4. januar etter ei reise på 34 timar. Deretter gjekk sonden inn i bane kring sola, mellom banane til jorda og Mars. Det vert rekna at sonden eigentleg hadde som mål å slå ned i måneyta.

Ein kopi av Luna 1 på museum

3. januar oppskytingsåret ved ein avstand på 113 000 kilometer frå jorda sleppte sonden ut ei sky av natriumgass. Skya glødde oransje og var synleg over Indiahavet som ei stjerne med tilsynelatande storleiksklasse 6, slik at astronomar kunne spora sonden. Utsleppet fungerte òg som ei utrøyning av åtferda til gass i verdsrommet.

Luna 1 gav dei fyrste målingane av solvinden og fann at månen ikkje hadde noko magnetfelt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre