Lund kyrkje i Kristiansand

Lund kyrkje er ei arbeidskyrkje i Kristiansand kommune i Agder.

Lund kyrkje
Lund kirke
Lund kyrkje
Foto: Germán Póo-Caamaño
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Kristiansand
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Kristiansand domprosti
Sokn Lund
Fellesråd Kristiansand
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Landsverk og Nordbø
Innvigd 1987
Stopul Attmed kyrkja
Klokker 1, Olsen Nauen, 1958
Kyrkjegard Nei
Altartavle Biletvev av Else Marie Jakobsen (motiv: nattverda)
Orgel Jensen og Thomsen, 1988[1]
Sitjeplassar 360[2]
Kart
Lund kyrkje i Kristiansand
58°09′09″N 8°00′45″E / 58.152591°N 8.01246611°E / 58.152591; 8.01246611
Wikimedia Commons: Lund kirke

I 1958 vart eit tidlegare tysk feltlasarett ombygd etter planar av arkitekt Alv Erikstad, og resultatet vart teke i bruk som interimskyrkje. Kyrkja brann i 1985, men ei fløy med m.a. kontor vart redda.

Kyrkja slik ho no står, vart oppført etter teikningar av arkitektane Landsverk og Nordbø og innvigd i 1987. Det er ei arbeidskyrkje som òg husar m.a. sal for kyrkjelyden, slik at kapasiteten kan utvidast ved behov.

Det er ikkje kyrkjegard på staden.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Sjå spesifikasjonar.
  2. Kyrkjesøk.